Hopp til innhald

Fagstoff

Interne arbeidsvilkår

Har du nokon gonger tenkt over dine eigne styrkar og svakheiter? Om du vil vidareutvikle deg sjølv, kan det vere nyttig. Det same gjeld for verksemder. Vi skal her sjå på korleis verksemder kan analysere styrkane og svakheitene sine.
Illustrativt bilete av ein leiar som dreg eit hus som blir løft opp av mange tilsette. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interne arbeidsvilkår er interne forhold, altså det som går føre seg og finst i verksemda, og som verksemda sjølv kan kontrollere. Ved å analysere dei interne arbeidsvilkåra kan vi dele dei inn i interne styrkar og svakheiter.

Interne arbeidsvilkår kan vere

  • produkt

  • pris

  • distribusjon

  • marknadskommunikasjon

  • personale og leiing

  • økonomi

Ein kvinneleg kunde kikkar på mobiltelefonar i ei elektronikkforretning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produkt

I ein analyse av produkt som internt arbeidsvilkår kan vi mellom anna sjå på merkevarebygginga. Dersom verksemda har ei sterk merkevare, blir dette ein styrke. I motsett tilfelle vil det vere ei svakheit.

Andre døme på styrkar kan vere at produkta er av god kvalitet og har føremålstenleg utforming. Eit døme på ei svakheit kan vere om verksemda ikkje satsar nok på produktutvikling for å halde seg konkurransedyktige.

Pris

Det kan vere vanskeleg å setje "riktig" pris. Prisen bør vere slik at kundane synest produktet er verd prisen. Vidare bør prisen setjast slik at verksemda på lang sikt får dekt kostnadene sine og går med overskot.

Ein pris som fører til overskot for verksemda, er ein styrke. Men dersom prisen blir oppfatta som for høg av kundane, blir dette ei svakheit. Eit lågt prisnivå kan kopierast av konkurrentar, og kan vidare signalisere at kanskje produktet ikkje har så høg kvalitet. I så fall vil dette vere ei svakheit.

Distribusjon

Distribusjon omfattar alt arbeidet som er naudsynt for å få produkt på plass og tilgjengelege. Verksemder er avhengige av å få levert produkt på rett stad og til rett tid. Tilgjengelegheit er nøkkelordet innan distribusjon.

I ein analyse av distribusjon som internt arbeidsvilkår kan det vere nyttig å sjå om val av distribusjonskanalar er vellykka. Det omfattar mellom anna om produkta blir selde i "riktige" butikkar, og om hylleplasseringa i butikkane er god nok.

Hylleplassering for produkt har betydning for kor tilgjengelege produkta er for kundane. Til dømes kan plassering i butikken, på kva hylle og kvar på hylla produkt blir plasserte, ha stor betydning for salet. Ein styrke kan vere god hylleplassering.

Netthandel veks i rekordfart, og mange verksemder satsar på distribusjon via internett. Dersom nettbutikken ikkje fungerer optimalt eller er lite kjend, er det ei svakheit.

Ein eldre mann står med utstrekt hand og skal velje seg ei drikkeflaske frå ei kjølehylle i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon handlar om at ei verksemd kommuniserer med målgruppene sine. Det kan vere utfordrande for verksemder å skaffe seg merksemd frå, å nå ut til og å byggje relasjonar til målgrupper i eit medielandskap i stadig endring.

Dersom marknadskommunikasjonen formidlar det verksemda og produkta står for, og dersom verksemda nyttar føremålstenlege kommunikasjonskanalar, er dette ein styrke. I motsett tilfelle vil det vere ei svakheit.

Andre døme på styrkar er om marknadskommunikasjonen bidreg til å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd. Vidare er det ein styrke om marknadskommunikasjonen informerer godt om produkteigenskapar og bidreg til å motivere til kjøp.

Personale og leiing

Personalet og leiinga i ei verksemd er ein viktig ressurs. Verdien av kvalifikasjonane, evnene og kunnskapen til personalet og leiinga kan omtalast som humankapital.

For at menneska i ei verksemd skal yte sitt beste og tilføre verksemda verdi, må dei ha riktig kompetanse. Verksemda må òg ha system som tek vare på den enkelte tilsette både fagleg og sosialt, slik at trivselen blir så høg som mogleg. Dersom personalet og leiinga har manglande kompetanse og trivsel, er dette ei svakheit. I motsett tilfelle vil det vere ein styrke.

Rolla til personalet kan vere svært viktig for kjøpsopplevinga til kundane. Til dømes kan ein dyktig seljar med god produktkunnskap i mange tilfelle vere avgjerande for om kunden handlar noko.

Ei viktig oppgåve for leiarar er å motivere og ta vare på personalet. Ei leiing som motiverer, lærer opp og tek vare på personalet på ein god måte, vil vere ein styrke for verksemda. Vidare vil eit personale med god produktkunnskap, serviceinnstilling og engasjement ha stor betydning for ei verksemd og vere ein styrke.

Økonomi

Økonomien til ei verksemd har stor betydning for korleis verksemda kan planleggje og ta avgjerder. God økonomi er ein klar styrke for ei verksemd. Dårleg økonomi er derimot ei klar svakheit for ei verksemd.

I ein analyse av økonomi som internt arbeidsvilkår kan det vere nyttig å sjå på rekneskap og nøkkeltal. Nettsida proff.no leverer oppdatert informasjon om rekneskap og nøkkeltal, som likviditetsgrad, lønnsemd og soliditet, for norske verksemder.

Informasjon om rekneskap og nøkkeltal på proff.no

På nettsida til proff.no blir nøkkeltala rangerte med fargekodar frå raudt til grønt, som symboliserer alt frå dårleg til svært god. Søk gjerne opp ei norsk verksemd og sjå korleis det står til med økonomien.

For å sjå ei kort forklaring på nøkkeltal kan du òg gå inn på proff.no og sjå på forklaringssida ved namn "Nøkkeltall – Forklaringer og formler".

To kvinner ser på ein skjerm og peiker på eit diagram med ei grøn pil som peiker oppover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Distribusjon handlar om å gjere produkt tilgjengelege. Konkurransemiddelet distribusjon blir omtalt i nokre samanhengar òg som «p for plass».

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Situasjonsanalyse