Produkt som konkurransemiddel - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Produkt som konkurransemiddel

Produktet blir ofte sett på som det viktigaste konkurransemiddelet. Utan eit produkt har vi rett og slett ikkje noko å marknadsføre. Produkt kan vere alt frå konkrete varer til immaterielle tenester og idear. Det produkt har til felles, er at dei blir tilbydde i ein marknad for å dekkje eit behov.

Kva er eit produkt?

Vi kan definere eit produkt som "alt som kan bli tilbydd ein marknad for merksemd, eige, bruk eller forbruk, og som kan tilfredsstille eit ønske eller eit behov". Eit produkt kan ut frå denne definisjonen vere ein konkret vare som bil, olabukse og mjølk, men også ei teneste, som til dømes ein treningstime på eit treningssenter, ei flyreise eller ein time hos psykolog. Idear, arrangement, opplevingar, stader, organisasjonar, informasjon og menneske kan òg marknadsførast som produkt. La oss sjå på nokre døme.

Eit politisk parti eller eit reisemål kan faktisk vere eit produkt. Vi kan ikkje kjøpe partiet eller den spesielle stranda på Gran Canaria, men verdiane partiet står for, og forventningane kunden har til reisemålet, er produkt som kan marknadsførast. Eit anna døme kan vere at du har kome på ein god forretningsidé som du sel til ein investor som kan realisere ideen. Du synest kanskje at det høyrest pussig ut at menneske kan marknadsførast som produkt, men tenk til dømes på The Kardashians. Vi kan snakke om The Kardashians og mellom dei Kim Kardashian som eit "produkt" eller ei "merkevare".

Varer og tenester

Nærast alt kan marknadsførast, frå alle typar varer til idear, menneske og tenester. Varer er heilt konkrete gjenstandar vi kan ta og kjenne på, som til dømes joggesko. Det er design og materialbruk som avgjer kvaliteten, funksjonalitet og levetid til ei vare. I tillegg kan emballasje, fargar og formar kommunisere andre eigenskapar som kan ha stor marknadsføringsverdi.

Tenester er immaterielle eller abstrakte. Tenk deg ein treningstime på eit treningssenter: Instruktøren leverer timen, og du som deltakar nyttar han. Tenester kan altså ikkje lagrast eller blir sparte.

Produktet – ein viktig del av marknadsmiksen

Produkt skal dekkje behov, dei skal tilpassast og vidareutviklast, dei skal vere lønsamme og aktuelle. Dette krev at vi som marknadsførarar har ein strategi for korleis produktet kan få ein posisjon i marknaden og gi inntening. Sjølv om produktet ofte blir sett på som det viktigaste konkurransemiddelet i marknadsmiksen, må produktet likevel alltid gå hand i hand med dei andre konkurransemidla.

Kilde

Kotler, P. (1988). Marketing management. (6. utg.). Prentice-hall International.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundby.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020