Hopp til innhald

Norsk kort butid (SF vg1) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Språket som system og mogelegheit

Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!

Lær deg norsk

I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.

Ordklassar

Vi deler ord med same eigenskapar inn i ordklassar. Orda kan til dømes ha lik måte å bøyast på og same funksjon i setninga. Verb, substantiv, adjektiv, adverb og preposisjonar er nokre døme på ordklassar.

Determinativ

Determinativ er ord som står saman med eit substantiv og gir informasjon om det. Dei kan vise kven som eig noko (min, din), kor mykje eller mange det er av noko (ein, to, nokon), eller peike på noko bestemt (han, det, desse). Lær meir om determinativ i dette emnet.