Norsk (PB)
Tekstsamling
Her har vi samla alle skjønnlitterære tekstar og saktekstar som blir brukte i faget. Tekstane er sorterte etter sjanger.
Saktekstar
Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndomen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiksinstruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.
Artikkel
Artikkelen er ein av dei vanlegaste sakprosasjangrane, både i skolen og i arbeids- og samfunnsliv. Han er ein typisk skriftleg sjanger der kravet om saklegdom står sentralt. Vi finner ulike varianter av artikkelen i bøker, aviser, tidsskrifter, oppslagsverk og brosjyrer – på papir og på nett.