Oppgåve 1
Uttrykka nedanfor er eufemismar av ulik art. Forklar kva dei tyder.
- Ubedne gjester
- Å ha levd ei stund
- Vaksenfilm
- Mannen med ljåen
- Ikkje vel bevart
- Pikenes Jens
- Innsett
- Litt for glad i det sterke
- Glamourmodell
Oppgåve 2
Når vi omtaler krig og dei følgjene krig har, bruker vi ofte eufemismar. Forklar kva som skjuler seg bak uttrykka nedanfor. Søk på internett om du ikkje kjenner til uttrykka frå før.
- sivile tap
- kirurgisk krigføring
- Little Boy, Fat Man
Kva kan grunnen vere til at vi ikkje seier rett ut kva som skjer?
Oppgåve 3
Samanlikn uttrykka nedanfor. Det eine uttrykket er nøytralt, det andre er ein dysfemisme. Forklar nærare kva dysfemismen tyder.
- regjering : regime/makthavarar
- hus : rønne
- plante : ugras
- insekt : utøy
- ansvarlege : bakmenn
- toleranse : snillisme
- tv-sjåar/pc-brukar : skjermrotte
Relatert innhald
CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018