Essayoppgåver om tekst i kontekst
Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar – desse kan vere fine å bruke som forarbeid til skriveoppgåvene.
Jens Bjørneboe (1920–1976) var kjend som ein samfunnsrefsar som var spesielt oppteken av individuell fridom. Mange av tekstane hans kritiserte derfor autoritetar.
Gunnar C. Aakvaag (f. 1972) er ein norsk sosiolog som tidlegare har kritisert norske ungdommar for å vere for lydige og kjedelege.
Ta utgangspunkt i dei to vedlegga og skriv eit essay der du reflekterer over bodskapen i dei to tekstane.
Vedlegg:
Relatert innhald
Kan dagens generasjon eigentleg forstå Jens Bjørneboes tekst "Om formyndermennesket"? Eller har de ikkje nokon å gjere opprør mot lengre?
Skriv eit essay der du utforskar synet på kjønn og likestilling i dei to vedlegga nedanfor.
Vedlegg:
Essay (utdrag) av Camilla Collett: Om kvinnen og hennes stilling
Kronikk av Camilla Fossum Pettersen, NRK Ytring: Mannen er en evolusjonær blindtarm!
Relatert innhald
Les og forstå Camilla Collett. Avslutt med å skrive eit brev til henne som ho kanskje hadde blitt glad for å få.
Dei tre vedlegga nedanfor handlar om mennesket i byen. Skriv eit essay der du utforskar korleis byen, og livet i byen, blir framstilt i dei tre vedlegga.
Vedlegg:
Relatert innhald
Korleis blir bylivet framstilt i Soft City av Pushwagner, Aften på Karl Johan av Edvard Munch og Storby-natt av Rudolf Nilsen?
Skriv eit essay der du reflekterer over korleis dei tre vedlegga nedanfor framstiller det å velje annleis enn majoriteten.
Vedlegg:
Animasjon av Christopher Nielsen: Rulletrappen
Dikt av Paal Brekke, nb.no: Som i en kinosal
Roman (utdrag) av Erlend Loe: Doppler
Relatert innhald
Skriv ei samanlikning av fire allegoriar om livet i det moderne. Her finn du oppgåve og skrivetips.
Korleis kan Erlend Loes Doppler lesast som ein samfunnskritisk roman? Og kjenner du deg igjen i flinkis-syndromet Doppler gjer opprør mot?