Hopp til innhald

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur er fiksjon, det vil seie litteratur som er oppdikta. Frå gamalt av deler vi inn skjønnlitterære tekstar i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar.

Lyrisk dikting

Lyrikken er ein av dei tre hovudsjangrane innanfor litteraturen. I dag bruker vi omgrepet lyrikk både om songtekstar og om dikt som skal lesast stilt eller framførast utan tonefølge.