Finn svar på problemstillinga i sekundærlitteraturen
Etter å ha søkt svar i sagaen bør de altså søke ut til sekundærlitteraturen. Bruk lærebøkene dykkar, skulebiblioteket og internett.
Søk kvar for dykk og samle inn kjelder som kan gi relevante svar på problemstillinga.
Kom saman og diskuter funna dykkar.
Sorter sekundærkjeldene slik at dei gir dykk oversikt over
om nokon av hypotesane de har laga har blitt styrkte eller svekte
korleis dei gir svar på problemstillinga de har laga
Det viktigaste når du skal finne gode kjelder, er at du sjekkar kva nettside informasjonen er publisert på. Bruk gjerne Wikipedia, men då bør du òg finne kjelder som er gitt ut av
universitet og høgskular
tidsskrift om historie, litteratur og arkeologi
forlag
SNL
NDLA
Du kan òg finne gode artiklar i nettaviser, men det er svært viktig at du både sjekkar kva slags avis du oppsøker, og kva slags bakgrunn artikkelforfattaren har. Gode spørsmål du kan stille deg er:
Er den som har skrive fagartikkelen ein fagperson på feltet? Gjer eit nettsøk på personen og finn ut kva slags yrke hen har.
Er avisa nøytral, eller har ho ei tydeleg politisk slagside og vinkling? (Ikkje bruk nettstader som gir ut artiklar som ser tilsynelatande seriøse ut, men har blitt laga av folk som har ein politisk dagsorden.)
Det aller beste tipset om kjelder
Er du usikker på om du har funne ei god kjelde? Spør læraren din om hjelp.