Islandske ættesoger

Forteljingar frå landnåmstida
Islendingesogene er nok den mest kjende sjangeren frå norrøn litteratur. Soge (eller saga) tyder ‘forteljing, noko som blir sagt fram’, og sogene vart opphavleg framført av forteljarar som rein underhaldning. Ættesoger er ei anna nemning som blir brukt.
Islendingane er stolte av sogene sine. Sogene blir rekna som stor kunst og er ein viktig del av verdslitteraturen. Mange kjende forfattarar gjennom tidene har hatt islendingesogene som førebilete. På 1600-talet blei det funne 700 pergamentrullar (kalveskinn som er skrivne på) på Island. Desse blei så nedteikna og samla.
Alt i alt finst det i dag ca. 40 soger. Njålssoga blir rekna som den viktigaste. Andre kjende soger er Soga om Egil Skallagrimsson, Soga om Gisle Sursson, Soga om Gunnlaug Ormstunge og Soga om laksdølane.
Landnåmstida
Eit omgrep som blir brukt om tida (frå ca. 870 og fram til ca. 930) da folk busette seg på Island. Hovudsakleg var det nordmenn. Før dette budde det ingen på øya.
Kjenneteikn ved sogelitteraturen
Sogene skildrar eit ættesamfunn der strid og konflikt er vanleg. Det er stor grad av realisme og objektivitet i framstillinga, og persongalleriet er stort.
Vi får ikkje vite kva personane føler og tenker. Forteljemåten er sakleg og ordknapp. Underdriving er eit vanleg verkemiddel. Mannen som får eit spyd gjennom brystet, rekker akkurat å seie: «Det trefte godt», før han fell død om.
Blodhemn står sentralt. Det er tvingande naudsynt å ta hemn, og det er ei plikt å hemne. Sogene skildrar eit mannssamfunn, men kvinnene er med i handlinga, og dei syner ofte at dei er både sterke og fargerike.
Det blir lagt stor vekt på draumar og draumetyding. Trua på lagnaden går att i alle islendingesoger. Ein skal prøve å avverge katastrofen, men kjem han, skal ein stå oppreist og bere nederlaget med rak rygg.
Islendingesogene
Tekstversjon
På 1200-talet blei det skrive ned ei lang rekke kortare og lengre forteljingar på Island, som ikkje handlar om kongar, men om meir vanlege menn og kvinner. Dei kan fortelje om utreise og landnåm, om noregsreiser og vikingtokt, om vennskap og kjærleik, utruskap og sjalusi, diktarevne, vett og visdom. Men først og fremst fortel islendingesagaen om konfliktar mellom enkeltpersonar og mellom slekter – konfliktar som fører til manndrap og hemnaksjonar, og til at våpenføre menn grupperer seg i fiendtlege leirar. Kampen står om makt og rikdom, men djupast sett om ein manns ære og heider, det vil seie den respekten ein har i andres og eigne auge.
Samfunnet vi møter i islendingesagaen, er ikkje eigentleg primitivt, for det har lover og rettsapparat. Alltinget og dei andre tinga der frie menn samlast, kan avgjere tvistar og gi bøter og andre straffar til den som har gjort noko gale. Dette er eit langt steg framover i sivilisasjonen.
Men det spesielle ved samfunnet vi møter i sagaen, er at det ikkje finst noko politisk overhovud – ingen konge og inga regjering. Det finst derfor heller ikkje noko ordensvern som har lov til å gripe inn på vegner av makthavarane, ikkje noko politi som kan sørge for at straffene blir gjennomførte. Vi kan samanlikne forholda litt med FN, som heller ikkje har politistyresmakt. Derfor kan FN erklære at eit land skal trekke seg tilbake frå visse okkuperte område, til dømes, men organisasjonen kan ikkje tvinge landet til å følge påbodet. I praksis betydde dette i landet til sagaen at ei avgjerd på tinget, ein dom, ofte berre blei til verkelegheit om den som hadde vunne saka, kunne følge henne opp sjølv og setje makt bak sigeren. Alt kom an på kor mykje makt dei stridande partane rådde over. Trass lova og tinget var det altså dei store, dei mektige, som bestemde.
Vi har å gjere med eit bondearistokrati. Men tinget var likevel ein så viktig faktor at det kom inn i vurderingane til stormennene når dei var innblanda i ein rettstvist. Det galdt kanskje særleg i dei tilfella der partane som stod mot kvarandre, var nokolunde jamsterke – det vil seie når det kunne stillast omtrent like mange våpenføre menn på begge sider.
På den eine sida var altså lovene og rettsavgjerdene faktorar ein måtte rekne med. På den andre sida var dei ikkje så avgjerande at dei kunne hindre sjølvtekt og etterfeidar. Ein mann som ville verne om makta og heideren sin, og derfor også verne om heideren til slektningane og fosterbrørne sine – til dømes ved å hemne deira død – kunne ikkje utan vidare stole på den forma for rettsstat som fanst. Han måtte ofte ta saka i eigne hender.
Kva fortel sogene om landnåmstida?
Tekstane viser at
- ætta, det vil seie slekta, var viktig
- makta i det islandske samfunnet ikkje låg hos ein konge, men var fordelt mellom mektige familiar
- slekta var viktigare enn einskildmennesket
- æra til familien stod på spel dersom ikkje urett vart hemna. Urett kunne rettast opp med blodhemn, bøter eller forlik.
- æra måtte forsvarast av menn og mot menn. Det blei rekna som ærelaust å gå laus på ei kvinne.
- kvinner ikkje sjølve kunne hemne, men dei kunne egge mennene til strid. Eit liv i skam hadde ingen verdi.
- lojalitet, og det å vere trufast mot slekt og venner, var viktig
- menneska trudde på lagnaden. Døden kjem den dagen lagnaden har bestemt.
- ein skulle møte lagnaden oppreist og med rak rygg