Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget 2P-Y

Kva er nytt i det nye faget?
Illustrasjonsbilete med gul bakgrunn, teksten 2P-Y til venstre og ei grov skisse av ei grafisk framstilling til høgre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva forskjellar er det mellom nye og gamle 2P-Y på ndla.no?

Den største forskjellen på nye og gamle 2P-Y er at sannsynsrekninga er teken bort. Elles er hovudemna i faget omtrent dei same som før, men tilnærminga er noko endra. Programmering har vorte ein del av faget gjennom kjerneelementet digitale ferdigheiter og er nemnd spesielt som ein del av undervegsvurderinga. I tillegg set fagfornyinga krav til at elevane skal drive med utforsking, noko vi har prøvd å ta omsyn til ved å legge til spørsmål og element av interaktivitet på teorisidene. Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap er inkludert gjennom statistikkemnet i faget.

Etter kunnskapsløftet 2006 var det slik at kombinasjonane 1P+2P og 1P-Y +2P-Y inneheldt nøyaktig dei same kompetansemåla. Slik er det ikkje lenger. Elevane som skal ha 2P-Y, kjem frå 1P-Y der kompetansemåla varierer litt frå programområde til programområde. Derfor vil det for nokre elevar vere lette emne i 2P-Y som blir gjenteke frå 1P-Y, mens for andre elevar vil alt vere nytt. Til dømes vil elevar som ikkje har hatt geometri i 1P-Y, ikkje få geometri i det heile.

Mange av elevane som startar på 2P-Y, kan ha hatt lite programmering i 1P-Y. Derfor bør elevar som tek 2P-Y dei første to åra, òg gå gjennom programmeringskurset som ligg i 1P og 1T. Kurset vil derfor i første omgang bli liggande som eit eige hovudemne i 2P-Y.

Der det er formålstenleg, vil sidene vere dei same i 2P-Y som i 1P og 2P. Vi prøver likevel å ta omsyn til at elevane på påbygging har hatt lite matematikk på vg2 ved å legge til rette for repetisjon. Tilrettelegginga vil skje gjennom å lenke til sider i 1P eller 1P-Y, eller at noko av fagstoffet frå 1P eller 1P-Y blir inkludert direkte på sider for 2P-Y.

Produksjon av innhald i det nye faget

Det nye 2P-Y faget er ferdig med unntak av oppgåvedokumenta.

Aktivitetar på teorisider

Tekstlege instruksjonar over delar av eit interaktivt GeoGebra-ark som inneheld ein glidebrytar og delar av grafen til ein funksjon og arealet under han. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi legg vekt på at teorisidene skal vere aktiviserande og utforskande. Nokre av sidene våre kan vere utgangspunkt for gjennomgangen til læraren, men dei vil òg vere eigna for at elevane skal kunne jobbe med dei på eiga hand eller i grupper. Desse sidene vil innehalde spørsmål, interaktive element og andre ting elevane blir bedne om å gjere på sidene. Vi trur at det å aktivisere elevane i gjennomgangen av teorien aukar motivasjonen deira.

Løysingar er lett tilgjengelege

Hand held eit forstørringsglas over ein boks med den klikkbare teksten "Forklaring". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løysingar på oppgåver og svar på spørsmål finst i klikkbare boksar både på teori- og oppgåvesider. Som i dei andre reviderte matematikkfaga ligg kvar løysing rett under kvar oppgåve. Elevane bør nok oppmodast til å vere uthaldande og jobbe så godt dei kan med å finne ut av oppgåvene før dei klikkar fram løysinga eller svaret. På sider med samleoppgåver vil alle løysingane ligge nedst.

Ny strukturering av stoffet

Vi har i alle nye fag frå og med hausten 2022 organisert sidene slik at oppgåvesidene ligg rett under den teorisida dei høyrer til, både i menyen og i emneinnhaldslista nedst. Det er slutt på at alle teorisider og oppgåvesider ligg samla kvar for seg. Eit døme på den nye organiseringa er vist nedanfor.

Hand peiker på datamaskinskjerm med liste med læringsressursar på NDLA der oppgåvesider ligg innimellom teorisider. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det betyr at sidene ligg i den rekkjefølgja det er tenkt at dei skal brukast. Vi håpar at dette grepet aukar brukarvennlegheita på sidene våre.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2023

Læringsressursar

Om faget