Skjeringspunkt og nullpunkt - Matematikk 2P-Y - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skjeringspunkt og nullpunkt

Vi kan finne skjeringspunkt mellom to grafar og mellom ein graf og koordinataksane.

Skjeringspunkt mellom to grafar

I skjeringspunktet mellom grafane til to funksjonar har begge funksjonane den same verdien for x og den same verdien for y. Skal vi finne skjeringspunktet ved rekning, set vi derfor funksjonsuttrykka like kvarandre og løyser likninga vi då får.

Døme

Funksjonane f og g er gitt ved fx=2x-1 og gx=-x+2.

Finn skjeringspunktet mellom dei to linjene grafisk og ved rekning.

Grafisk løysing

Vi teiknar dei to linjene i eit koordinatsystem, les av og finn at linjene skjer kvarandre i punktet 1, 1.

I GeoGebra kan du bruke kommandoen Skjering(f,g) (dersom funksjonane har namna f og g), eller verktøyet "Skjering mellom to objekt", som du finn under den andre verktøyknappen frå venstre på knapperada øvst.

Ved rekning

Vi set funksjonsuttrykka lik kvarandre og løyser likninga.

   fx = gx2x-1=-x+2     3x=3       x=1

Vi kan så setje x=1 inn i eit av funksjonsuttrykka (same kva for eit), for å finne y.

Vi vel å rekne ut f1=2·1-1=1.

Skjeringspunktet er 1, 1. Likninga kan òg løysast med CAS.

Nullpunkt

Eit nullpunkt til ein funksjon er ein x-verdi som gir funksjonsverdien null.

Definisjon

Eit nullpunkt til ein funksjon f er løysinga av likninga f(x)=0.

Eit nullpunkt er derfor x-verdien til eit skjeringspunkt mellom grafen og x-aksen.

Døme

Gitt funksjonen fx=2x-1.

fx=0 2x-1=0 x=12

Nullpunktet til f er x=12.

Gitt funksjonen gx=-x+2.

gx=0-x+2=0-x=-2x=2 

Nullpunktet til g er x=2.

I GeoGebra finn du nullpunkt enklast med verktøyet "Nullpunkt", som ligg på same stad som verktøyet "Skjering mellom to objekt" på knapperada øvst. Du kan òg skrive kommandoen Nullpunkt(f) for å finne nullpunktet til f.

For nokre typer funksjonar verkar ikkje kommandoen eller verktøyet "Nullpunkt". Då kan du prøve kommandoen NullpunktIntervall(Funksjon, Start, Slutt). Her er "Start" og "Slutt" grensene for det intervallet der vi trur nullpunktet eller nullpunkta er.

Video om skjeringspunkt

Video: Tom Jarle Christiansen, //www.youtube.com/user/tomjch, Tom Jarle Christiansen / CC BY 4.0

Video om nullpunkt

Video: Tom Jarle Christiansen, //www.youtube.com/user/tomjch, Tom Jarle Christiansen / CC BY 4.0

Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2024