Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Same bodskap – andre verkemiddel

I denne oppgåva skal du øve deg på å fortelje ei historie i ein annan sjanger og med andre verkemiddel enn originalforteljinga. Oppgåva passar godt i samarbeid mellom norsk og mediefag.

Oppgåve 1: Beskriv handling og bodskap

Sjå Christopher Nielsens kortfilm Rulletrappen (2014).

  1. Beskriv handlinga i filmen ved hjelp av ti viktige stikkord. Desse stikkorda skal du bruke seinare i eigen produksjon.
  2. Ein filmskapar bruker ofte filmen til å gi uttrykk for eigne tankar om tilværet. Korleis tolka du bodskapen filmskaparen kjem med i denne kortfilmen?

Oppgåve 2: Fortel historia på ein ny måte

No skal du lage ei ny forteljing ved hjelp av andre forteljemåtar og verkemiddel. Men bodskapen skal vere det same som i kortfilmen. No har du bruk for stikkorda du skreiv då du såg filmen.

Du kan velje mellom desse sjangrane:

  • blogginnlegg
  • munnleg eller skriftleg kåseri
  • høyrespel

Set deg godt inn kva sjangeren inneber og kva verkemiddel du har til rådvelde i denne sjangeren, før du lagar forteljinga.

Oppgåve 3: Vurder og diskuter

Framfør forteljingane i klassen. For kvar framføring gir to elevar tilbakemelding på noko som er bra, og éin elev tilbakemelding på noko som kunne ha vore betre.

Diskuter til slutt:

  • Har de oppfatta bodskapen i kortfilmen Rulletrappen på same måte? Kvifor? Kvifor ikkje? Diskuter dykk fram til ein bodskap de er samde om.
  • Kva tenkjer de om problemstillinga Nielsen tek opp i kortfilmen?

Relatert innhald

Petit og kåseri er subjektive tekstar med munnleg preg. Tekstane har ofte ein humoristisk undertone.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel