Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design ny emballasje for TINE

I dette arbeidsoppdraget skal du utvikle ny emballasje som varetek TINEs uttrykk samtidig som du tilfører noko nytt.
Mjølk blir helt frå ei mugge ned i eit glas som står på eit bord. Oppskore brød til venstre i biletet. Fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

TINE ønsker å få fleire unge kvinner til å ete og drikke meieriprodukt, og dei vurderer å lage ein eigen serie retta mot kvinner 18–25 år. Til å byrje med har dei utvikla ein ny drikke og ein energibar som skal høyre saman i ein potensielt ny produktserie.

Fokuset skal vere sunne meieriprodukt med eit eksklusivt preg. Dei skal ikkje vere for kostbare, og dei skal ha eit innbydande design. Designet skal vere nyskapande, men òg ha nokre typiske TINE-trekk som er enkle å kjenne igjen.

TINE ønsker at du produserer følgande

1. Skap og presenter to personaer basert på informasjon som kjem fram i research-fasen. Desse skal du bruke aktivt vidare når du jobbar med skisser, moodboards og etter kvart ferdig produkt.

2. Lag minst tre moodboards, og lag fleire skisser av emballasjen. Foreslå ein tittel på den nye produktserien. Knyt moodboards og skisser til personaene.

3. Pitch personaer, moodboards og skisser.

4. Vel ein av idéane, og produser ein trykkeklar drikkeemballasje og ein trykkeklar energibar-emballasje. Plasser QR-kodar som lenker til TINE på produkta.

5. Lag ein publiseringsklar reklameplakat for trykk eller eit digitalt reklamebanner til ei stor nettavis med dei nye produkta.

Ressurspakke TINE

I verktøykassa finn du ut meir om namneutvikling, fargar, typografi og informasjon om logobruk.

TINEs font kan ikkje lastast ned gratis, og du må derfor finne eit alternativ. Du kan anten finne ein som liknar, eller ein som passar godt med andre grafiske element (logo og liknande).

I mediebanken finn du ei rekke bilete som kan brukast og dessutan mange produkt for å studere designet på emballasje.

Legg merke til vilkåra om bruk av bilete før du eventuelt lastar ned og bruker av biletmaterialet.

TINEs verktøykasse

TINEs mediebank

Rettleiing til dei ulike fasane i arbeidsoppdraget

Fase 1: Gjer research

Finn ut meir om målgruppa. Finn ut kva slags ønske og behov målgruppa kan ha for emballasje og design. Kva type meieriprodukt kan treffe målgruppa? Skap to personaer basert på informasjonen du har funne under researchen.

Undersøk òg ulike måtar å forme emballasje til drikke og energibar på, og set deg inn i TINEs design.

Artikkel: Målgruppe

Artikkel: Slik lagar du personaer

Fase 2: Jobb med idéar, skisser og utforming

Bruk skisse- og idéteknikkar. Lag moodboards tilpassa personaene, og jobb med å lage skisser av emballasjen.
Jobb med mange idéar i starten og klargjer tre idéar til deling under pitchen.

Artikkel: Idékart

Fase 3: Pitch

Du får fem minutt til å pitche inn idéane og tankane dine. Ta med skisser og moodboards. Noter ned innspel og tilbakemeldingar, og ta med desse til det vidare arbeidet.

Artikkel: Pitch og NABC-metoden

Fase 4: Lag trykkeklar emballasje

Bruk Illustrator eller InDesign. Jobb i CMYK-fargerom, sidan produktet skal trykkast.

Jobb med designet, pass på at det blir god lesbarheit, at det passar til målgruppa, og at det har gode kontrastar.

Hugs òg å legge inn QR-kode. Du kan lage han ved å bruke ein QR-kode-generator på nettet.

Qr-code-generator.com

Artikkel: Publiser bilete, lyd og video

Fase 5: Lag publiseringsklar reklame

Sett deg inn i kva storleik du skal produsere. Bruk CMYK-fargerom til trykk og RGB på nett.

Artikkel: Publiser bilete, lyd og video

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppdrag medieproduksjon