Slik lagar du personaer - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Slik lagar du personaer

Når du skal beskrive ei målgruppe, er det lurt å liste opp kva slags eigenskapar personane i målgruppa har.

Representantar for ulike målgrupper

Under finn du nokre døme på korleis du kan dikte opp personar, òg kalla personaer, som står som representantar for heile målgrupper. Korleis vil dei reagere på ulike medieuttrykk?

Reflekter

Vel deg to personaer og tenk over følgande:

  1. Korleis trur du desse to ville reagere på ein reklame for Zalando?
  2. Kva med ein dokumentar om sukker på NRK1 eller realityprogrammet 71° nord på TVNorge, korleis ville personaene reagere på dei?
  3. Kva nettstader trur du desse to primært vil vere interesserte i?
  4. Kven av dei bruker Instagram mest?
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018