Frukost? Ja takk!
Du et vel frukost? I denne leksjonen lærer du å fortelje på tysk kva du liker godt og mindre godt til frukost. Du kan også lese litt om frukostvanane til tyske ungdommar, og kvifor det ikkje er særleg lurt å hoppe over frukosten.
Ut og kjøpe mat og drikke
Mange ungdommar er hyppige kundar i skulekantina. Å gå på kafé er også populært blant mange. Lær å bestille og betale mat på tysk!
Når du går på kafé eller restaurant i Tyskland, vil du forresten oppdage ein del drikkar med litt merkelege namn, som Spezi og Apfelschorle. Kva som skjuler seg bak desse namna, kan du òg lese om i leksjonen.
CC BY-SASkrive av Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2018