Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Visualisering
Du kan gjere tankane og idéane dine synlege for andre gjennom teikningar, modellar, foto eller video. I dette emnet skal vi sjå på ulike visualiseringsverktøy.
Modell
I produktutvikling er modellar ein kreativ reiskap. Modellen kan synleggjere ein idé og teste korleis han fungerer i tredimensjonal form (3D). Dette er nyttig i det vidare arbeidd med produktet. Ein prototype er ein gjennomarbeidd, nøyaktig modell av det produktet som skal produserast.