Visuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé slik at han kan produserast, må du kunne vise han fram til andre.
I produktutvikling lagar og omarbeider du skisser og arbeidsteikningar, både for hand og ved hjelp av digitale verktøy.
Foto er eit godt hjelpemiddel i idéutvikling og presentasjon av arbeid. Du treng kunnskapar om kamera, komposisjon og biletredigering.
Ein modell kan synleggjere ein idé og teste korleis han fungerer i tredimensjonal form (3D).
Videoproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, val av verkemiddel, utteikning og opptak til redigering og klipping.