Teknologi (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Vedlikehold (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Overflatebehandling
Overflatebehandling i industrien endrar eigenskapane til materialoverflater ved hjelp av kjemiske, termiske eller mekaniske metodar. Formålet er å fjerne ujamnskapar, forbetre estetikk og auke hardleik og motstandsstyrke mot korrosjon.
Kva er industriell overflatebehandling?
Overflatebehandling er noko dei fleste av oss har drive med før. Vi har kanskje måla ein vegg eller polert ein bil. Også i industrien er overflatebehandling vanleg. I produksjonen blir det stilt krav til kvalitet og lang levetid. I tillegg må helse, miljø og sikkerheit for personalet blir varetekne.