Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Test ut den universelle utforminga i nærområdet

Test ut korleis det er å ha nedsett fysisk funksjonsevne, og bruk erfaringane dine i utvikling av nye produkt eller tenester. Korleis opplever du tilgangen til frisørsalongen, plassering av varer i blomsterbutikken eller interiøret i offentlege bygg frå rullestolen?
Mann i elektrisk rullestol og par som luftar ein hund på universelt tilrettelagt turveg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Hand les blindeskrift på informasjonstavle i Botanisk Hage på Tøyen i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Universell utforming

Turstien over er planlagt og laga slik at småbarnsforeldre kan ta med barnevogna på tur i skogen, og at rullestolbrukaren kjem fram. Omgivnadene er utforma slik at dei blir tilgjengelege for flest mogleg. Interiør i både offentlege bygg og private heimar skal planleggast slik at det er universelt utforma i samsvar med ulike forskrifter og lover.

Ein profileringsdesignar bør utforme skilt på ein slik måte at dei fungerer godt for alle, også eldre, blinde og svaksynte. Frisørsalongen skal kunne ta imot kundar i rullestol, og det skal vere mogleg for ein svaksynt å kome inn i butikken for å kjøpe ein blomsteroppsats. Er prøverommet i systova praktisk nok for ein kunde som går med krykker? Har utstillingsdesignaren plassert produkt slik at dei er tilgjengelege for alle?

Test ut korleis det er å ha nedsett fysisk funksjonsevne.

For å forstå dei ulike behova kan du gi deg sjølv utfordringar som å utføre noko i blinde eller med rullestol. Bruk erfaringane du får når du utarbeider idéar til produkt, tenester, konsept eller løysingsforslag. Universell utforming betyr at produkt, omgivnader, tenester og løysingar skal kunne brukast av flest mogleg på ein likestilt måte.

Vaksen og barn står ved datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Lån ein rullestol. Kjøpesenter har ofte rullestol til utlån. Ver kunde i ein frisørsalong, i ein gullsmed, i ei systove, ein blomsterbutikk eller ein møbelbutikk. Korleis er det å gå rundt? Får du tilgang til dei produkta du treng? Møtte du nokon utfordringar?
  2. Samarbeid med ein medelev, gjerne ein du bur i nærleiken av. Ein får bind for auga og går inn i rolla som blind, og ein skal leie den blinde. På førehand har de valt ei kjend reiserute, til dømes frå skulen og heim. De skal saman reise med kollektiv transport. Korleis er det å kome seg fram til framkomststaden? Kva hinder eller utfordringar møter du på?
Kvinne med bind for øuga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Universell utforming

Med universell utforming (UU) blir det meint utforming av produkt, omgivnader, program og tenester på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekking som mogleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell utforming. Dette er definisjonen av UU som står i FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Relatert innhald

Universell utforming er tilpassing for funksjonsnedsetting. Funksjonsnedsetting kan vere sansetap, nedsett rørsle eller kognitive utfordringar.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020

Læringsressursar

Universell utforming