Hovudavtalen i arbeidslivet - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hovudavtalen i arbeidslivet

Hovudavtalen legg føringar for dei fleste tilhøva i arbeidslivet. Først i 1935 aksepterte partane i arbeidslivet kvarandre som likeverdige forhandlingspartar. Avtalen set premissa for mellom anna korleis gangen i eit tariffoppgjer skal vere.

Felles organisering

Løn og arbeidstilhøve er viktige saker som arbeidstakarane sjølvsagt er opptekne av i arbeidslivet. Behovet for ei felles organisering av arbeidstakarane oppstod rundt 1900. Utover i mellomkrigstida, som følgje av politiske og økonomiske kriser, og som ein konsekvens av vekst i talet på industriarbeidarar, blei arbeidskonfliktane mellom bedriftseigarar og arbeidarar trappa opp. Tidvis gjekk mange arbeidsdagar tapte som følgje av utstrekt bruk av streik og lockout frå partane.

Hovudavtalen

Først i 1935 blei det semje om hovudavtalen i næringslivet, der hovudsamanslutnaden til næringslivet og arbeidstakarorganisasjonane aksepterte kvarandre som likeverdige forhandlingspartnarar og blei samde om korleis lønsforhandlingar skal gå føre seg. Denne har blitt kalla "grunnlova for arbeidslivet" og har ført til meir ro og framsyn i arbeidslivet, både for arbeidstakarane og arbeidsgivarane.

I Hovudavtalen finst dei generelle avtalepunkta om forhandlings- og samarbeidstilhøve mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar. I tillegg tek Hovudavtalen for seg medråderetten til dei tilsette. Hovudavtalen revideres normalt hvert fjerde år.

Kvifor kollektive avtalar?

Kvifor voks det fram kollektive avtalar? Kort kan ein seie at mange industriarbeidarar kjende at dei ikkje var sterke nok aleine i forhandlingane med bedriftene om avtalane sine. Ved å gå saman i fagforeiningar kunne dei opptre i fellesskap og stå sterkare i forhandlingar om mellom anna løn og arbeidstid.

I arbeidslivet skal det liggje føre ein arbeidsavtale mellom lønstakaren og bedrifta. Det er fullt mogleg for ein arbeidstakar å forhandle direkte med arbeidsgivaren sin om løn og ulike arbeidstilhøve. For visse etterspurde arbeidstakarar kan dette på kort sikt vere økonomisk fordelaktig. Men store delar av løna til arbeidstakarane blir i hovudsak forhandla fram gjennom kollektive avtalar. Da gjer bedrifta og lønstakaren ein avtale om at den kollektive avtalen som er forhandla fram mellom organisasjonane til lønstakarane og bedriftene, skal gjelde tilhøvet mellom dei. Vi har ein situasjon der dei individuelle avtalane er erstatta med ein kollektiv avtale.

Relatert innhald

Fagstoff
Fagorganisering

Som arbeidstakar kan du bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.

Skrive av Jan Erik Auen og Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020