Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn ut lærlinglønna di

Kva kjem du til å tene som lærling? For å finne ut av det må du gjere nokre undersøkingar og utrekningar.
Hand stablar myntar på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du byrjar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "Lærlinglønn" og artikkelen "Skatt og feriepengar som lærling".

Oppgåver

  1. Kva er årslønna for ein fagarbeidar innan ditt fagfelt?

  2. Kven har avgjort kor høg fagarbeidarlønna skal vere for ditt fagfelt?

  3. Kva er forskjellen på brutto- og nettolønn?

  4. Kor mykje vil du tene per månad i kvart av dei fire halvåra?

  5. Kor mykje skatt vil du måtte betale for kvart av kalenderåra du er lærling dersom du ikkje har andre inntekter?

  6. Kor mykje vil du få utbetalt per månad når skatt er trekt frå i halvår 3?

Modell som viser tre år, og at lærlingtida startar på hausten år 1 og avsluttar våren år 3. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekstraoppgåve

  1. Dersom du går ut frå at du kjem rett i arbeid som fagarbeidar etter læretida, kor mykje skatt bør du då betale i kalenderår 3?

  2. Kva kan du få i lån og stipend samtidig som du er lærling?

  3. Kva skjer dersom du betaler for lite eller mykje skatt?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Læretid