Lærlinglønn - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Lærlinglønn

I løpet av læretida tener du til saman ei årslønn for ein nyutdanna fagarbeidar innen bransjen din. Lønna aukar kvart halvår og er på 80 prosent av fagarbeidarlønn siste halvår.

Som lærling er du i ein spesiell situasjon. Du er ute i arbeid, men samtidig òg under opplæring. Delar av arbeidstida går med til opplæringa, og spesielt i starten er det ikkje forventa at du skal kunne gjere alle oppgåvene i yrket eller gjere dei utan assistanse eller tilsyn. Som lærling vil du derfor få utbetalt ei fagarbeidarårslønn fordelt på heile læretida di, som oftast to år.

Ikkje alle går ordinært lærlingløp. Til dømes har vi lærekandidatar og lærlingar med behov for særskilt tilrettelagt opplæring. Desse vil ofte ha ei anna lengde på læretida, og lønnsnivået blir sett lokalt.

Fordeling av lærlinglønn

I løpet av læreløpet vil du arbeide meir og meir sjølvstendig og kunne gjere fleire og fleire arbeidsoppgåver på eiga hand. Lærebedrifta betaler deg for arbeidet du tilfører bedrifta. Det er derfor normalt at lønna er sett opp med ein stegvis auke kvart halvår.

Døme på fordeling av lærlinglønn
TidsromLønn
1. halvår30 % av fagarbeidarlønn
2. halvår40 % av fagarbeidarlønn
3. halvår50 % av fagarbeidarlønn
4. halvår80 % av fagarbeidarlønn

I spesielle tilfelle kan lærlinglønna fordelast jamt utover heile læretida. Dette må avtalast med lærebedrifta.

Kor høg er fagarbeidarlønna?

Før du kan rekne ut lønna di som lærling, må du finne ut kva minstelønna for fagarbeidarar i yrket ditt eller bransjen din er.

For nokre yrke og bransjar har staten bestemt ei minstelønn. Dette er gjort for å hindre underbetaling av arbeidskraft i desse bransjane. Mellom anna gjeld dette byggebransjen, reinhald, godstransport og elektro.

For dei fleste er minstelønna bestemd gjennom tariffavtalen som er forhandla fram mellom hovudorganisasjonane som representerer arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Til dømes gjeld dette alle som arbeider i kommune, fylkeskommune og stat.

Der det ikkje finst ein tariffavtale, må lønnsforhandlingar gjerast lokalt i kvar enkelt bedrift. Det er då tilrådd å ha med ein representant frå fagforeininga i prosessen.

Finn ut kva lønna di blir

Når du blir tilboden ei lærlingstilling, er det heilt greitt å spørje arbeidsgivar om kva lønnsnivået blir, og korleis dette er bestemt.

Kanskje får du oppgitt fagarbeidarlønn som lønna di vil vere basert på, eller kanskje får du ei ferdig utrekna bruttolønn. Uansett bør du rekne over dette sjølv.

Døme på utrekning av lærlinglønn første halvår

Tenk at du skal bli lærling i ein kommune. Du vil då vere underlagt KS (Kommunesektorens organisasjon) sin hovudtariffavtale. I denne avtalen er minstelønn (garantilønn) for fagarbeidarar utan relevant jobberfaring (ansiennitet) sett til 366 700 kroner brutto per år (2022).

Først må du rekne ut fagarbeidarmånadslønn. Dette gjer du ved å dele årslønna på 12:

366 700 kroner12 månader = 30 558 kroner per månad

Som ny lærling vil du ha 30 prosent av månadslønna til ein fagarbeidar. Dette vil så gi 30 558kroner·0,3 = 9 167 kroner i brutto inntekt (før skatt).

Øving

  • Finn ut kva som er fagarbeidarlønna for yrket ditt eller bransjen din.

  • Rekn ut kor mykje du vil ha i bruttolønn (før skatt) for kvar av dei fire prosentsatsane du har som lærling.

Relatert innhald

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022