Hopp til innhald

Fagstoff

Utrekning av pris på blomsterarbeid til arrangement, sorg- og bryllaupsbinderi

Det er vanleg å legge til meir arbeidspengar for meir tidkrevjande arbeid. Her er tre døme på korleis du kan rekne ut arbeidspengar for ein båredekorasjon, corsage til bryllaup og dekor laga til ein hotellresepsjon.

Blomstermykke på eit handledd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Påslagstal

Påslagstalet er talet du gongar innkjøpsprisen med for å finne ut kva kunden må betale for ein blomster, ein plante eller anna materiale. I blomsterbransjen kallar vi ofte påslagstalet for kalkulasjonsfaktor. Denne ligg som regel mellom 2,5 og 6.

Du kan laste ned eit rekneark med dei tre priskalkuleringane nedst på sida.

Døme på utrekning av pris på sorgbinderi

I sorgbinderi er det vanleg å legge til 20 % arbeidspengar rekna ut frå prisen på produkta.

Båredekorasjon med zinnia og antirrhinum/løvemunn og grøn staffasje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meirverdiavgift (mva.)

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.

døme sorgbinderi

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslagstal

Total utsalspris inkl. mva.

Zinnia (store)

3

kr 7

4

kr 84

Zinnia (små)

14

kr 5

4

kr 280

Antirrhinum majus

12

kr 8

4

kr 384

Tagetes

7

kr 7

4

kr 196

Sedum

4

kr 5

4

kr 80

Spirea

4

kr 1

4

kr 16

Kochia scoparia

5

kr 3

4

kr 60

Greiner fra bringebær

5

kr 1

4

kr 20

Grønt fra nyper

5

kr 1

4

kr 20

Oasis

1/3

kr 6

4

kr 8

Sum produkter

kr 1 148,00

Arbeidspengar 20 %

kr 229,60

Sluttsum

kr 1 377,60

Pris runda opp

kr 1 400,–

Døme på utrekning av pris på blomsterarbeid til bryllaup

Fem ulike blomstermykke som kan plasserast i knapphol. Foto.

I bryllaupsbinderi blir det gjerne rekna timepris, eller ein fast startpris som dekker kundemøte, planlegging og produksjon.

I dømet nedanfor har vi teke med ein ekstra kolonne, "Total utsalspris inkl. mva.", sidan arbeidspengane har ein fast timepris ut til kunden.

døme bryllaup

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslagstal

Utsalspris per stk.
inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Phalaris (tørka strå)

6

kr 5

4

kr 20

kr 120

Eucalyptus gunnii

2

kr 8

4

kr 32

kr 64

Echinops bannaticus (kuletistel)

3

kr 4

4

kr 16

kr 48

Xerochrysum bracteatum (evigblomster)

3

kr 3

4

kr 12

kr 36

Strå og staffasje

1

kr 20

2

kr 40

kr 40

Band

1

kr 10

2

kr 20

kr 20

Arbeidspengar

0,5

kr 300

kr 150

Sluttsum produkt (fem corsagar)

kr 478

Døme på utrekning av pris på blomsterarbeid til større arrangement

Transparent greinkrans med pampas og andre tørka materiale. Foto.

I større oppdrag for dekor til storhendingar som prisutdelingar, markeringar og jubileum er det gjerne fleire steg i designprosessen. Det kan vere skisser til kunde, utprøvingar, produksjon av større konstruksjonar og montering av sjølve arbeidet. Då er det vanleg å bruke timepris. I dømet nedanfor blir det i tillegg berekna arbeidspengar ut frå prisen på produkta.

døme større arrangement

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslagstal

Utsalspris per stk. inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Pampas

25

kr 5,20

10

kr 52

kr 1 300

Slørasparges

10

kr 3

4

kr 12

kr 120

Sølvregn

1 potte

kr 20

4

kr 80

kr 80

Astilbe

23

kr 8

4

kr 32

kr 736

Antirrhinum frøkapslar

10

kr 4

4

kr 16

kr 160

Panicum

12

kr 7

4

kr 28

kr 336

Pil

10

kr 1,50

4

kr 6

kr 60

"Kiwi"

30

kr 2,00

4

kr 8

kr 240

Sum produkt

kr 3 032

Arbeidspengar 20 %

kr 606,40

Arbeidstimar hausting

1

kr 300

kr 300

Arbeidstimar

20

kr 300

kr 6 000

Sluttsum produkt

kr 9 938,40

Pris runda opp

kr 10 000,–

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Prisberekning