Hopp til innhald

Fagstoff

Prisestimat på eit interiøroppdrag

Dei aller fleste kundar vil vite kor mykje ein planleggingsprosess kjem til å koste. Når du estimerer, bereknar du den forventa prisen på førehand. Prisestimatet kan vere med på å avgjere kven som får oppdraget.
Fargeprøver, materialprøver og planteikning for interiør på eit bord og arbeidande hender frå dei som sit rundt bordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppstartssamtale

Du startar med ein dialog med ein kunde som er interessert i tenestene dine. Dette kan vere ein telefonsamtale eller eit møte. Slike innleiande samtalar før jobben er din, tek ein som regel ikkje betalt for. I dette første møtet vil kunden vanlegvis spørje om kva som er timeprisen din. Dette bør du ha klart før du møter nye kundar.

Smilande kvinne med hjelm og refleksvest som står utandørs med ein open laptop i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synfaring

Etter oppstartssamtalen kan det vere fornuftig å dra på synfaring. Det vil seie at du besøkjer staden som skal fornyast. Dette gjer det enklare å treffe betre på pris når du skal lage eit prisestimat og berekne kva jobben kjem til å koste for kunden. Sjølv om du dreg på synfaring, er det uvisst om kunden gir deg oppdraget. Derfor er det lurt å avtale på førehand at du skal ha betalt for synfaringa.

Lag referat frå synfaringa, slik at det ikkje blir misforståingar om kva som er forventningane til kunden. Ta mange bilete på synfaringa.

Etter synfaringa set du opp alt som vart diskutert, i eit eige skjema i eit eigna tekstprogram. Set opp talet på timar du trur du vil bruke på kvart område du skal jobbe med.

døme på berekning av arbeidstid

Arbeid

Timetal

Stemningskonsept, idé, inspirasjon
Kjøkkenløysing: korrespondanse med leverandør, type kjøkken, overflater, tilbehøyr
Stove: type møblar, tekstilar, fargar og belysningsplan
Soverom: belysning, fargesetjing, måleplan
Totalt timetal:

I alle oppdrag går det ein del tid til å tenke ut løysingar. Dette er ein designprosess. Det kan vere lett å gløyme å setje av tid til utprøvingar, skissering og å finne konsept når vi skal gi eit prisestimat til ein kunde.

Det samla timetalet ⋅ timepris = prisestimat på oppdrag

Hotellresepsjon med sitjegruppe og bar. Illustrasjon.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Prisberekning