Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sal av produkt

I denne oppgåva skal du ta for deg eit produkt du har laga, og finne ut kor mykje du kan selje produktet for.
Blå sparegris med myntar fallande rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du byrjar på sjølve oppgåva, må du finne eit produkt du har laga i promfaget ditt.

Oppgåve

  1. Lag ei liste over dei materiala du har brukt på å lage produktet, og rekn ut kor mykje det har kosta (= varekostnad).
  2. Ta utgangspunkt i at du tener 110,- kr i timen; finn ut ca. kor mykje tid du har brukt på oppgåva, og rekn ut kor mykje du ville ha tent for å lage produktet (= indirekte kostnadar).
  3. Når ein sel eit produkt ein har laga, er det vanleg å legge til litt ekstra på salsprisen for å tene pengar. I denne samanhengen skal du rekne ut 20% i forteneste ut frå sjølvkosten (= forteneste).
  4. Sett opp ein rekneskap med utganspunkt i sjølvkostkalkylen. Bruk tala du har kome fram til i punkta over. Kva blir salsprisen?

Varekostnad+Indirekte kostnad=Sjølvkost+Forteneste=Salspris eks.mva.

Innlevering og vurdering av:

  • Utrekningar rundt punkta 1-3
  • Ferdig rekneskap (sjølvkostkalkyle), punkt 4

Relatert innhald

Å setje korrekt pris på ei vare eller teneste er ei utfordring. Her skal du lære korleis du kan setje opp ein priskalkyle.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2019

Læringsressursar

Prisberekning