Hopp til innhald

Fagstoff

Slumpord med berekraftsmåla til FN

Her blir de kjende med berekraftsmåla til FN samtidig som de får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking. Øvinga er ein fin start på ein idéprosess der berekraft er i fokus. Ho gir òg trening i å presentere.

Tid: 20 minutt

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
  2. Sjå på oversikta over berekraftsmåla til FN og forklar kort for kvarandre kva berekraftsmåla er.
  3. To på kvar gruppe skriv ned eitt tal kvar mellom 1 og 17.
  4. Det første talet skal gruppa bruke til å velje berekraftsmål. Det andre talet bruker de til å velje i slumpordlista nedst på sida.
  5. Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmålet de har fått, og til å diskutere kva dette målet faktisk betyr.
  6. Bruk 10 minutt på å diskutere dykk fram til 4 ulike forretningsidear de kjem på med utgangspunkt i berekraftsmålet og slumpordet.
  7. Bruk 1 minutt på å presentere éin av forretningsideane dykkar for klassen.
  8. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Set av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.

    Døme på refleksjonsspørsmål:
    • Kva tenker de at de lærer av denne øvinga?
    • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
    • På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å kome på idear?
    • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
    • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?

Slumpord

  1. ulv

  2. barn

  3. fallskjerm

  4. havet

  5. sjåførar

  6. fuglar

  7. kvinner

  8. fisk

  9. eldre

  10. flyktningar

  11. helsepersonell

  12. urfolk

  13. insekt

  14. ungdom

  15. isbrear

  16. lærarar

  17. politikarar

FNs berekraftsmål

Plansje med dei 17 berekraftsmåla til FN. Illustrasjon.
CC BY-SARettshavar: Ungt Entreprenørskap
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020

Læringsressursar

Berekraftig utvikling