Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Makt i ein kommunikasjonssituasjon

Makt kan påverke kva vi tenkjer og korleis vi oppfører oss. Vi skal bruke eit døme frå motebransjen til å diskutere korleis maktforholdet pregar kommunikasjonen.

I kommunikasjon med andre vil den makta du har, eller ikkje har, påverke samhandlinga. Kva kontroll de har over situasjonen, kan henge saman med maktforholdet mellom dykk.

Redaktøren i motebladet Costume, Vanessa Rudjord, og motejournalisten Sissel Hoffeng, diskuterer maktforhold saman med Anne Lindmo. Utgangspunktet for samtalen er ein film om sjefsredaktøren for Vouge: Anna Wintour.

Sjå gjennom filmutdraget, og svar på spørsmåla:

  1. Korleis visest maktforholdet gjennom klesdrakt og kroppsspråk?
  2. I filmklippet snakkar Anna Wintour "ovanifrå og ned" til medarbeidarane sine. Gi døme på dette.
  3. Har du nokon gong opplevd å føle deg underlegen i ein jobbsituasjon på grunn av måten du har blitt snakka til?
    Korleis kan du varsle om dette når det skjer ?
  4. Kan du tenkje på ein situasjon der du kan ha fått nokon andre til å føle seg underlegne, på grunn av måten du snakka til dei på?

Diskuter spørsmåla i mindre grupper.



CC BY-NC-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 31.10.2019

Læringsressursar

Intern kommunikasjon