Hopp til innhald

Fagstoff

Makt og kommunikasjon

God kommunikasjon handlar òg om å vere klar over kven som har kontroll over situasjonen. Makt kan påverke kva du kan snakke om, korleis det du seier blir oppfatta, og om du i det heile blir høyrd.
Politi i uniform står foran ei tavle i eit klasserom og snakkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du nokon gong tenkt over at det ikkje berre er kva du seier eller korleis du seier det, som betyr noko, men også kven du og samtalepartnaren din er? I kommunikasjon med andre vil makt vere noko som kan påverke samhandlinga. Kva kontroll de har over situasjonen, kan henge saman med maktforholdet mellom dykk.

Eit døme er i klasserommet, der læraren i rolla si har meir makt, og dermed meir kontroll over situasjonen enn elevane.

Makt er ikkje nødvendigvis noko negativt. Vi kan trenge makt for å få ordna forhold, anten det er heime, på skulen, eller i ein jobbsituasjon. Kva hadde skjedd i klasserommet viss ikkje læraren leidde arbeidet?

Tenk over

  • Korleis påverkar maktforholdet i klasserommet kommunikasjonen mellom lærar og elev? Kva kan du som elev ikkje seie til ein lærar?
  • Kan du tenkje på situasjonar der du har hatt meir makt enn den du kommuniserte med? Kom med eit døme.

Ressursar gir deg makt i kommunikasjonen

Kor mykje makt du har, er òg avhengig av kva ressursar du har kontroll over. Ressursar kan vere alt frå pengar og eigedom, til tilsette, venner, kultur og kunnskap.

Kulturforskjellar

Kven du kommuniserer med, avgjer om desse ressursane gir deg makt. Til dømes kan variasjon i talespråket i England vere eit teikn på kva for ein sosial klasse du tilhøyrer. Ein svenske vil kanskje ikkje oppfatte nyansane som viser klassetilhøyrsle hos britane, og då vil ikkje dette påverke maktforholdet mellom dei.

Eit anna døme er at dialektar har høg status i Noreg, der det blir sett på som ein kulturell ressurs, medan i andre land kan det å snakke dialekt gi deg lågare status i nokre situasjonar.

Tenk over:

  • Kva ord, talemåtar eller tonefall i talemålet ditt kan signalisere klassetilhørighet?
  • Kven har makt i kommunikasjonen i familien din? Kva slags ressursar har dei?

Klede er òg kommunikasjon

Også klesdrakt og symbol kan representere makt, og kan påverke kommunikasjonen. På jobb kan kva du har på deg seie mykje om autoriteten din. Ei uniform gir deg ei tydeleg definert rolle, og den statusen som følgjer med rolla, gir deg makt.

Men også i yrke der du ikkje går med uniform, kan kleda dine gi deg meir eller mindre autoritet. Då er det andre signal som kan bety noko: kor dyre kleda er, om dei dei passar til høvet, er moteriktige, eller om dei er skitne og sjuskete.

Tenk over:

  • Korleis vil ein kunde, brukar eller samarbeidspartnar på jobb oppfatte deg om du har på deg skitne og holete klede?
  • Korleis påverkar politiuniforma deg når du møter politiet?

Normer er spelereglar for samhandling

Har du tenkt over at det finst uskrivne spelereglar for korleis vi oppfører oss? Desse kallar vi normer. Det er viktig å vite kva som er normene for kommunikasjon i den situasjonen du er i, for då har du større moglegheit for å nå fram med bodskapen din. Dei som har mest makt i ein organisasjon eller ei gruppe, er ofte dei som bestemmer spelereglane.

Kommunikasjon som ekskluderer

Eit døme kan vere at dei som har makt i ei gruppe bruker intern humor med referansar som ein som er ny i gruppa, ikkje vil forstå. Då føler du deg dum, fordi du ikkje forstår spelereglane for kva som er morosamt. Vi snakkar ofte om stammespråk når grupper har sin eigen måte å kommunisere på. Dette kan styrkje samhaldet i gruppa, men forsterkar kjensla av å vere utanfor for andre.

Tenk over:

  • Kven bestemde dei uformelle spelereglane i klassen i barneskulen?
  • Har du døme på grupper som har sitt eige "språk"? Korleis kan andre delta i samtalen deira?
  • Korleis kan vi få til eit klassemiljø eller eit arbeidsmiljø der alle har ei moglegheit til å forstå og meistre normene for kommunikasjon?
Kvinne med raud tape over munnen, hysjar med fingeren.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt og kjønn i arbeidslivet

Mange av spelereglane på arbeidsplassen har tidlegare vore definert av menn, sidan dei lenge dominerte i arbeidslivet. Kjønnsroller, som gjer at vi har ulike forventningar til korleis menn og kvinner skal oppføre seg, kan òg gjere at kvinner og menn kommuniserer på ulike måtar.

Kvinnespråk og mannsspråk?

Forsking har vist slike forskjellar i korleis menn og kvinner bruker språket. Språkforskar Helene Uri samanfattar forskjellane i kvinnespråk og mannsspråk med at kvinner bruker språket til å halde oppe plassen sin i ei gruppe, medan menn pratar for å styrkje plassen sin. (Uri, 2005).

Eit døme på dette kan vere at kvinner vil fokusere på å vise at dei støttar eit forslag frå ein kollega i eit møte, medan ein mann heller vil prøve å komme med sitt eige forslag.

Tenk over og diskuter:

  • Kva slags døme har du frå kvardagen din som støttar eller motbeviser det Helene Uri seier om mannsspråk og kvinnespråk?.
  • I kva område i samfunnet kan kvinnespråket gi meir makt?

Språk kan skape forskjell

Vi har mange reglar og lover som skal sikre at vi har likestilling i samfunns- og arbeidsliv, både når det gjeld kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne eller seksuell legning. Men forskjellane kan haldast oppe og forsterkast i samhandling og kommunikasjon, utan at vi opplever eller oppfattar at formelle reglar og lover blir brotne.

Kva kan eg gjere med det?

Det viktigaste du kan gjere, er å vere klar over korleis du og andre bruker språket til å halde oppe og skape maktrelasjonar. Då kan du både endre di eiga åtferd, og du kan oppdage og varsle om språkbruk som verkar negativt inn på deg sjølv eller andre.

Tenk over og skriv ned:

  • Har du nokon gong opplevd å føle deg underlegen i ein jobbsituasjon på grunn av måten du har blitt snakka til? Kom med eit døme.
  • Kva kan du gjere om dette skjer?
  • Kan du tenkje på ein situasjon der du kan ha fått nokon andre til å føle seg underlegne på grunn av måten du snakka til dei på? Forklar kva som skjedde.

Kjelder

Statistisk sentralbyrå. (2017). Fakta om likestilling. Henta frå https://www.ssb.no/befolkning/faktaside/likestilling


Uri, H. (2005, oktober 24. ). Hører du ikke hva jeg sier? Om språk og kjønn. Henta frå https://www.nrk.no/kultur/_horer-du-ikke-hva-jeg-sier__-om-sprak-og-kjonn-1.1656293


CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 21.10.2019

Læringsressursar

Intern kommunikasjon