Hopp til innhald

Fagstoff

Beskriving og anbod i interiørfaget

Kor mykje vil løysinga du føreslår for ein kunde, koste?
Ein viktig del av interiørfaget er å tenkje på kva som blir kostnaden for ulike løysingar.
Illustrasjon som viser interiørforslag til ei kantine.

Anbod

Eit anbod er eit bindande tilbod om å utføre eit arbeid og levere varer eller tenester. Oppdragsgivaren ønskjer å samanlikne prisar, kvalitet og tidsramme frå fleire. Du må setje deg godt inn i vilkåra frå oppdragsgivaren før du kan gi eit tilbod.

Anbod i interiørbransjen

Det er reglar for kven som kan få lov til å levere møblar til offentlege bygg. Desse reglane er det viktig å setje seg inn i. Til private firma og heimar kan ein fritt velje kvar ein ønskjer å kjøpe inventar, men alle kundar ønskjer å få best mogleg tilbod på det dei skal kjøpe inn. Derfor blir det laga ei beskriving som blir lagd ut på anbod.

Det er vanleg å invitere minst tre firma til å gi pristilbod.

Rammeavtale

Store firma kan inngå rammeavtalar. Dette er ein avtale bedrifter inngår med éin bestemd leverandør. Kunden får då dei aller beste prisane mot at det berre er dette eine firmaet som leverer alle møblar.

Skildring

Som interiørdesignar lagar du ei beskriving på vegner av kunden din. Tenk deg at du har laga eit forslag til komplett møbleringsløysing til ein kunde. Dette skal no setjast opp i eit skjema, slik at det er lett for tilbydarar å gi pris, og slik at det er lett for deg å samanlikne prisar. Det er fleire måtar å lage slike skjema på, men eit rekneark er fint å bruke.

Skjemaet bør innehalde:

  • produktnamn

  • bilete av produktet

  • materiale og farge

  • mengd

  • open plass for einingspris (blir fylt ut av leverandør)

  • open plass for totalpris (blir fylt ut av leverandør)

Filer

Relatert innhald

Beskriv korleis ein kunde kan møblere eit rom. Bruk nettsider som viser prisar på møblar du har plukka ut, og set dei inn i eit skjema.

Kilde

Hugsted, R.A. & Benestad H. (2022, 14. mars). Anbod. Store norske leksikon. https://snl.no/anbud

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Prisberekning i interiørfaget