Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Møbleringsforslag

Som interiørdesignar skal du beskrive korleis ein kunde kan møblere eit rom. Bruk nettsider som viser prisar på møblar du har plukka ut, og set dei inn i eit skjema. Dette gir eit estimat på kva pris kunden må betale.
Fotografi av sitjegruppe med oransje stol med pute i kontrastfarge.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prisoppsett

Lag eit forslag til møbleringsløysing til ein kunde. Dette skal du setje opp i eit skjema, slik at kunden får oversikt over kostnadene. Det er fleire måtar å lage slike skjema på, men eit rekneark er fint å bruke.

Skjemaet bør innehalde:

  • produktnamn

  • bilete av produktet

  • materiale og farge

  • mengd

  • einingspris (finn prisar hos ein leverandør på nettet)

  • totalpris

Filer

Merknad

I arbeidslivet er det vanleg praksis å la leverandørar fylle ut kva prisar dei kan gi. Du kan lese meir om dette i artikkelen om beskriving og anbod i interiørfaget. Denne oppgåva er ei øving, der du sjølv skal finne prisar på produkta og leggje dei inn i skjemaet.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Prisberekning i interiørfaget