Hopp til innhald
Fagartikkel

Teikning i interiørfaget

Ein interiørkonsulent som planlegg interiørløysingar for ein kunde, må vise kva som er tenkt brukt av materiale, fargar, tekstilar, møblar og lyssetjing. Teikning er eit godt verktøy for idéutvikling, planlegging og for å visualisere løysingsforslag.

Oppmåling og planteikning

Dersom det ikkje finst eksisterande teikningar av rommet, kan dette teiknast opp for hand med linjal og blyant eller penn. Alt etter kor stort rommet er, og kor detaljerte løysingane er, må du velje riktig målestokk. 1:50 og 1:20 er vanlege storleikar på enkle rom.

For å kunne teikne opp romma riktig, må du ta mål. Dette kan du enklast gjere ved å bruke lasermålar. Tommestokk og måleband kan du òg bruke. Lag handskisser av dei fire veggene og golvet i rommet, og bruk god tid på å måle opp. Det er ein fordel å vere to personar, slik at éin måler og éin skriv. Bruk god tid og mål nøyaktig.

Dokumenter heile rommet med fotografi, slik at du kan sjå på bileta viss skissene blir uklare, eller du lurer på kva for nokre eksisterande materiale som er brukte. Teikn så opp romma og veggoppriss i plan med reduksjonsstav i vald målestokk.

På teikningane kan du planleggje der møblar skal stå og fargeleggje desse for å vise farge og materialbruk. Tusj og fargeblyantar er gode reiskapar når du skal fargeleggje eit interiør.

Tracing

Dersom du får tilgang til gode bilete av rommet, har du eit godt utgangspunkt for å lage ei fin perspektivteikning. Forstørr først opp biletet til ønskt storleik. Legg deretter kalkerpapir over biletet og teikn inn rommet. Kalkerpapir er tjukt gjennomsiktig papir som eignar seg godt til å teikne på. Her er det ein fordel å bruke ein tynn svart tusj. Teikn så inn det interiøret som du ønskjer for kunden din. Her må du øve deg på å teikne inventar i perspektiv. Fargelegg løysinga.

Relatert innhald

Fagstoff
Digital oppteikning i interiørfaget

DAK står for data-assistert konstruksjon. Dersom du har tilgang på digitale teikneprogram, kan du bruke dette til å lage profesjonelle teikningar.