Hopp til innhald

Fagstoff

Digital oppteikning i interiørfaget

DAK står for data-assistert konstruksjon. Dersom du har tilgang på digitale teikneprogram, kan du bruke dette til å lage profesjonelle teikningar. Vi skal sjå nærare på to vanlege teikneprogram i interiørfaget: SketchUp og Archicad.
Interiør i eit konferanserom. Illustrasjon.

DAK-teikning

DAK står for data-assistert konstruksjon og er digital konstruksjonsteikning. Mange DAK-program jobbar både todimensjonalt med flate strekteikningar og tredimensjonalt med høgde, breidde og djupne. Når du jobbar tredimensjonalt, kan du sjå inn i rommet frå dataskjermen.

SketchUp

SketchUp er eit program som eignar seg godt til visualisering i interiørfaget. Dette er hovudsakleg eit 3D-visualiseringsprogram. Programmet er lett å lære, fordi det byggjer på enkle prinsipp.

Butikkinteriør teikna i grunnplan. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rosa og gullfarga butikkinteriør i perspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Archicad

For dei som vil lære seg reiskapane i interiør- og arkitektbransjen, er Archicad eit program som er mykje brukt. Dette er eit fullverdig DAK-program, som har alle eigenskapane som skal til for å teikne og planleggje romløysingar og bygg. Mange interiørdesignarar og interiørarkitektar bruker dette programmet.

Leilegheit med open løysing. Baderomsdør står på gløtt. Illustrasjon.

Rendering

Rendering blir brukt etter at rommet er teikna opp digitalt i eit teikneprogram, og ein ønskjer å få det så naturtru som mogleg. For dei som skal selje hus og leilegheiter som ikkje er ferdige, må det lagast visualiseringar som skal vere så like eit fotografi som mogleg. For å få til dette, blir det brukt 3D-teikningar.

Hotellresepsjon, sitjegruppe og bar. Illustrasjon.

Renderinger får vanskelege flater som til dømes vatn, spegel, glas, sand, hud og hår, refleksjonar, tekstilar og liknande til å sjå ekte ut. Rendering kan ta nokre minutt til fleire dagar, alt etter kor detaljert det er, og kor god kvalitet du ønskjer. Rendering kan gjerast med tilleggsprogram til Archicad eller eigne dataprogram som 3D Studio max.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Visualisering i interiørfaget