Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Blikkfang i interiørstyling

Interiørstyling er eit eige felt innan interiørfaget. Å style er å skape ei stemning i eit rom og å gjere ein bustad attraktiv. Undersøk korleis interiørstylister bruker fokuspunkt i interiør. Etterpå skal du gå på jakt i gjenbruksbutikkar og fotografere gjenstandar som kan skape eit blikkfang.
Kvit sofa med fargerike puter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interiørstylist

Ein interiørstylist har sitt eige spesialfelt innan interiørfaget. Å style er ein måte å setje ei scene eller lage ei stemning i eit rom. Formålet med å bruke ein stylist er å setje fokus på ein bustad, eit rom eller eit miljø.

Styling i samband med bustadsal

Når ein bustad skal seljast, bør han gjerast mest mogleg attraktiv. Bustaden kan stylast av seljar eller av eit firma som tilbyr slike tenester. Personlege eigedelar blir fjerna og nye kan bli sette inn, slik at innreiinga skal verke innbydande. Dette blir gjort i forkant av fotografering og visningar. Stylisten jobbar ikkje med ein konkret kunde, men ser for seg fleire moglege kundar.

Moderne interiør i kvitt og grått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blikkfang

Interiørstylisten set ofte fokus på noko spesielt. Det kan vere fargar eller gjenstandar som skil seg ut. Fokuspunktet blir kalla eit blikkfang.

Del 1: Undersøk korleis blikkfang blir brukt i interiørstyling

  1. Søk etter bilete som kan inspirere på nettet. Pinterest er eit godt søkjeverktøy, som du kan bruke til å lage dine eigne oppslagstavler.
  2. Søk etter blikkfang. Alternative søkjeord kan vere: dekor, gule rom, kunst eller liknande.
  3. Vel ut fire interiør som du synest har eit spennande blikkfang.
  4. Legg bileta inn i ein digital presentasjonen, og skriv ein kort tekst til.
  5. Presenter korleis blikkfanget blir brukt, og diskuter ulike løysingar i klassen.
Eldre japansk vase og krukke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Ekskursjon til gjenbruksbutikkar

Vintage er eit engelsk uttrykk som betyr «av fin (gammal) årgang». Ordet blir brukt positivt om gamle produkt. Interiørstylisten kan finne mange inspirerande og originale ting i gjenbruksbutikkar.

  1. Undersøk på nettet om de har gjenbruksbutikkar i nærområdet ditt.
  2. Gå inn på nettsidene, og finn ut kva slags varer de kan finne der. Sjekk om dei har vintage-produkt.
  3. Dersom det er mogleg, tek de ein ekskursjon til nærmaste gjenbruksbutikk. Fotografar ting du meiner du kan bruke som blikkfang til interiørstyling. Har de ikkje høve til å besøkje ein gjenbruksbutikk, kan de søkje opp brukte gjenstandar som blir selde på nettet.
  4. Legg bileta av gjenstandane inn i den digitale presentasjonen du laga i del 1. Skriv kommentarar til bileta.
    • Korleis ville du ha brukt gjenstanden i interiørstyling?
    • Korleis kan han fungere som eit blikkfang?
  5. Sjå videoen om biletmontasje. Bruk eit biletredigeringsprogram til å plassere ein av gjenstandane inn i eit interiør.

Relatert innhald

Vi set saman to bilete ved hjelp av masketeknikk. I biletbehandlingsprogram arbeider vi ikkje-destruktivt i arbeidsformat.

Blikkfang kallar vi det punktet auget festar seg først ved. For å fange merksemda må punktet skilje seg ut frå omgivnadene.

CC BY-SASkrive av Elise Marie Eriksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Fargar i interiør