Hopp til innhald

Fagstoff

Fargar i interiør

Finst det ei oppskrift på god fargebruk? Ja, det gjer det, men for å vite kva fargar som fungerer godt i ulike rom og saman med andre fargar, må vi vite kva fargar er, og korleis dei påverkar oss.

Fargeval påverkar opplevinga av eit rom

Tenk over: Korleis påverkar dei to ulike fargevala opplevinga av baderommet?

Fargar og lys

Farge er ei oppleving av lys. Dette var det først Isac Newton som fann ut, då han sende kvitt lys gjennom eit prisme. Lyset i seg sjølv inneheld alle fargane auget vårt klarer å oppfatte, noko som kan vere opp til fleire millionar fargar.

Ein lysstråle blir brote i fargane til regnboga gjennom eit glasprisme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike fargane har ulik intensitet som vi kan måle med eit nanometer. Sjå for deg korleis fargane til regnbogen er inndelt i raudt, oransje, gult, grønt, blått, indigo og fiolett. Raudt har aller høgast intensitet, saman med dei varme fargane oransje og gult. Fiolett har aller lågast intensitet, saman med indigo. Blått og grønt er omtrent i midten av dette spekteret.

Dette blir av mange omsett til energi. Høg intensitet gir mykje energi. Det kan auke blodtrykk og puls. Av denne grunnen bør vi tenke oss om før vi bruker desse fargane i visse opphaldsrom. Er poenget at ein skal finne ro og slappe av, er ikkje raudt ein god farge.

Fargar med låg intensitet gir låg energi, vi føler at det er kjølig i rommet. Dei kjøligaste fargane eignar seg derfor ikkje så godt der ein skal prøve å lage ei lun stemning. Fargane i midten av spekteret er dei best likte av alle fargane. Dette gjeld på tvers av landegrenser og kontinent. Blått og grønt blir rekna som svale, avslappande og behagelege fargar, med akkurat nok intensitet.

NCS fargekropp roterande. Animasjon.

NCS – det naturlege fargesystemet

I interiørplanlegging må vi kjenne til fargesystemet NCS – Natural colour system. Dei ulike målingsprodusentane lagar sine eigne namn og kodar på trendfargar, men alle fargar i Noreg tek utgangspunkt i NCS- systemet. NCS-kodane fortel oss kva fargar som er blanda saman, og kor mykje svart og kvitt som er tilsett i fargen. Dette kan vi bruke som hjelpemiddel for å finne fargar som passar godt saman.

Relatert innhald

NCS byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Vi bruker systemet til å beskrive fargar presist ved hjelp av kodar og til å finne fargar som passar saman.

Kulørtonelike fargar

Fargetriangel. Illustrasjon.

Den tryggaste måten å få fargar til å harmonere godt, er å velje ein fargekode og jobbe med kvitleik og svartleik i fargen. Sjå for deg ein kopp med kaffi, og at du blandar inn litt og litt mjølk i koppen.
Kulørtheita er den same, men du tilfører meir og meir kvitleik. Dette er det same som å bevege seg opp og ned på same kolonne eller rad innanfor nyansetrekanten til kulørtonen. Fargane du då jobbar med, kallast ton-i-ton.

Nyanselike fargar

Dersom du har funne ein fargekode du liker godt, men har lyst til å bruke fleire fargar, til dømes i romma ved sida av, er eit godt tips å finne nyanselike fargar. Du tek òg her utgangspunkt i nyansetrekanten, finn ut kvar fargen du ønsker å bruke ligg og finn tilsvarande plassering på ein annan kulør. På den måten aukar sjansen for å lykkast når du miksar fargar.

Komplementærfargar

I fargelæra til Itten kan du lære om dei komplementære fargane til fargane. Dette er fargar som står mot kvarandre i fargesirkelen og forsterkar kvarandre. I interiør kan det vere lurt å bruke nyansar av komplementærfargane for å dempe fargekontrasten.

Du kan bruke komplementærfargar for å skape ei spenning i fargebruken. Tenk deg at fargane du brukar er rolege, harmoniske ton-i-ton-fargar, så krydrar du det heile med eit innslag av kontrastfargen. Dette kan vere ei pute, eit pledd eller ein blome.

Sitjegruppe med oransje stol med pute i kontrastfarge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2023

Læringsressursar

Fargar i interiør