Kvitfargar i interiør - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvitfargar i interiør

Det er mange lyse fargekodar som verkar heilt kvite når dei står åleine, men saman med andre fargar kan dei sjå gule eller skitne ut. Vi skal sjå litt på dei vanlegaste kvitfargane, og kva du bør vere merksam på når du vel kvitfarge.

Bomull og egghvit

Bruk av riktig kvitfarge kan vere vanskeleg å få til å klaffe. Kvite dører, vindauge og listverk til hus kjem som standard kvit i fargekode S0502-Y. Denne fargen kallast òg gjerne for bomull. Det er viktig å merke seg at det finst ein annan kvitfarge med same fargekode – men denne fargekoden manglar S føre tala. Han har altså fargekode 0502-Y og kallast ofte for egghvit. (Du kan lese meir om kvifor det er slik på NDLA si side om NCS-fargekoder.)

Dersom du bommar på fargekoden og set desse to fargane opp mot kvarandre, vil bomull sjå meir gul ut saman med egghvit.

Dei kvitfargane som har gult i seg, passar som hovudregel best saman med fargar i den varme halvdelen av fargesirkelen. (Det finst unntak frå denne regelen.)

Nøytralkvit

Fargen S 0500-N har ingen kulør i seg. Han er heilt kvit. Dette har tradisjonelt vore ein standard farge som blir brukt til å måle tak. Fargen blir òg ofte kalla klassisk hvit. Plasserer du nøytralkvit saman med bomull eller egghvit, vil du tydeleg sjå forskjell på kvitfargane. Mens nøytralkvit opptrer som rein og kald kvit, blir egghvit og bomull gule og ser skitne ut.

Vel du fargar frå den kalde halvsirkelen i Ittens fargesirkel, kan det ofte løne seg å bruke nøytralkvit dersom dører og lister skal vere kvite. Også her kan det vere unntak. Hugs at den nøytralkvite kan gi eit kaldt og hardt uttrykk dersom det blir brukt for mykje av han.

Per dags dato er egghvit den mest selde fargen i Noreg ifølgje målingsleverandøren Jotun. Derfor er det viktig at fagpersonar som interiørkonsulentar og interiørdesignarar kjenner til dei små forskjellane mellom kvitfargar for å kunne gi gode råd til kundar.

Skrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021