Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Naturen som inspirasjon i interiør

Naturen rundt deg kan vere inspirasjonsgrunnlag for val av interiørprodukt. La deg inspirere av fargane du finn i naturen, og bruk dette til å setje saman ulike interiørprodukt.

Del 1: Finn inspirasjon og fotografer ulike motiv i naturen

  1. Gå ut i hagen eller i naturen i nærmiljøet ditt. Sjå etter ulike motiv som inneheld fargar. Motivet kan vere ein blomster, steinar, fleire grønfargar, ut mot havet og liknande.
  2. Ta fleire bilete og vel ut det beste fotoet. Fargane i biletet skal vere utgangspunktet når du skal velje interiørprodukt til eit rom.
Nærbilete av grøne og raude stikkelsbær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Bruk fargepaletten i biletet ditt til å setje saman interiørprodukt

  1. Vel kva slags rom du vil møblere.
  2. Søk i nettbutikkar eller besøk ulike butikkar som sel interiørprodukt viss de har høve til det. Sjå etter interiørprodukt som inneheld fargar frå biletet du har valt.
  3. Ta bilete av produkta du finn i interiørbutikken. Det kan vere puter, pledd, dukar, vasar, lysestakar, lykter og liknande.
  4. Tenk komposisjon og layout når du skal presentere biletmaterialet ditt.
  5. Sei litt om butikken der du fann interiørprodukta, og korleis du vil setje dei saman i eit interiør.
  6. Vurder korleis fargepaletten frå naturen fungerer i interiøret?
Bølgje som bryt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bordplate med vasar og ein kvit sofa med blå puter i eit gråblått rom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


CC BY-SASkrive av Elise Marie Eriksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Fargar i interiør