Hopp til innhald

Interiør

Ein interiørkonsulent planlegg innreiing av rom i private heimar og i offentlege bygg. Du må sjå på rom, fargar, materialar, lys og møblering i samanheng for å skape gode og funksjonelle løysingar. Du må lytte til behovet til kunden, vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Fargar i interiør

Fargeval er ein viktig del av interiørfaget. I dette emnet lærer du kva farge er, og om korleis fargar kan påverke oss. Bruk dette i arbeidet med å setje saman fargar og til å velje løysingar som passar til rommet du skal innreie.