Hopp til innhald

Naturfag

    Bølgjer, energi og stråling

    Vi er omgitt av mange typar bølgjer og stråling, som lyd, lys, varme, radiobølgjer og bølgjeskvulp. Vi kan verken sjå mobilnettet eller røntgenstrålane, men felles for alle bølgjer er at dei transporterer energi. Korleis kan vi utnytte denne energien på ein fornuftig måte?

    Lys, lyd og bølgjefenomen

    I dette emnet skal vi utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen. Vi skal også prøve å finne ut kvifor vi nokon gonger omtalar lys som bølgjer og andre gonger som stråling. I tillegg spør vi : Kva er eigentleg stråling?