Hopp til innhald

Naturfag

    Bølgjer, energi og stråling

    Vi er omgitt av mange typar bølgjer og stråling, som lyd, lys, varme, radiobølgjer og bølgjeskvulp. Vi kan verken sjå mobilnettet eller røntgenstrålane, men felles for alle bølgjer er at dei transporterer energi. Korleis kan vi utnytte denne energien på ein fornuftig måte?

    Elektromagnetisk og ioniserande stråling

    Stråling er overføring av energi. Elektromagnetisk stråling er elektriske forstyrringar som brer seg gjennom rommet. Radioaktiv stråling er resultat av endringar i atomkjernane. Både elektromagnetisk og radioaktiv stråling kan ionisere, det vil seie overføre så stor energi at det kan skade kroppen.