Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Råd om forbruk av poteter, pasta og ris

Poteter, pasta og ris er viktige basismatvarer. Dei inneheld vitamin og mineral samstundes som dei nesten ikkje inneheld noko feitt.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Ris, pasta og poteter ligg i kvar si rekkje på ein striesekk. Foto.

Råd om forbruk av poteter, ris og pasta

Helsedirektoratet tilrår kokte eller bakte poteter framfor potetgull og pommes frites. Tilrådinga i dag om å ete meir poteter handlar om kokte eller bakte poteter saman med andre matvarer til middag. Alle former for steiking av poteter aukar feittinnhaldet vesentleg. Dersom ein vel ferdige potetprodukt, slik som pommes frites, kan ein velje dei med det lågaste feittinnhaldet og lage dei til i steikeomnen utan å tilsetje meir feitt.

Poteter med smørsaus og fløytegratinerte poteter er feittrike og ein kan med fordel unngå dette i den daglege kosten. Rådet er å variere mellom kokte poteter, pasta og ris og gjerne velje pasta laga på fullkornmjøl eller uraffinerte ristypar (dei brunlege ristypane). I fullkornspasta og uraffinert ris finn vi fleire næringsstoff og meir kostfiber enn i pasta laga på sikta kveitemjøl og i den raffinerte kvite risen.

Kokte nypoteter med grasløk i ein haug. Foto.
Til kvardags bør ein velje kokte eller bakte poteter.

Kvifor bør vi framleis ete poteter, ris og pasta?

Kokte/bakte poteter er ei allsidig næringskjelde og bidreg mellom anna med kostfiber, vitamin C, folat og antioksidantar. Poteter har òg eit høgt innhald av kalium som kan vere gunstig for blodtrykket. Dessutan bidreg kokte/bakte poteter med energi utan å tilføre feitt og sukker.

Ein porsjon kokte/bakte poteter (150 g) inneheld 105 kcal (440 kJ), medan tilsvarande mengde pommes frites kan innehalde 360 kcal (1520 kJ) og potetgull 790 kcal (3295 kJ). Samanlikna med ris og pasta inneheld poteter mindre energi per vekteining og meir av fleire vitamin og mineralstoff per kalori.

Diskusjonane har gått høgt om poteta i seinare år. Det har vore diskutert om poteta, på grunn av det naturleg høge innhaldet av karbohydrat, har vore medskuldig i overvektsepidemien vi ser i dag. Poteter og andre rotfrukter, i tillegg til ris og pasta, er basale matvarer for størstedelen av befolkninga på jorda. Den samla vitskaplege dokumentasjonen gir ikkje grunnlag for å rå folk til å kutte desse matvarene frå kosten for dermed å førebyggje fedme. Dei som skal gå ned i vekt, bør ete mindre poteter, ris og pasta.

Kor mykje et vi?

Forbruket av friske matpoteter er meir enn halvert sidan 1970-åra, mens forbruket av tilarbeidde poteter er femdobla. Poteter til potetprodukt, som pommes frites og potetgull, utgjer no over halvparten av den samla potetomsetninga mot om lag 10 prosent i 1975. Det går med om lag 4 kilo friske poteter for å lage 1 kilo potetgull. For hundre år sidan var forbruket av poteter i Noreg meir enn dobbelt så stort som i dag. Potetforbruket varierer mykje mellom ulike land og område. Risforbruket er dobla frå om lag 3 kilo til 6 kilo per innbyggjar per år dei siste 15 åra.

Ulike typar fullkornspasta på ei kvit flate. Foto.
Vel du fullkornsvarianten av pasta, får du i deg meir fiber, vitamin og mineral enn om du vel den fine varianten.
Sist oppdatert 26.05.2020
Tekst: Helsedirektoratet (CC BY-NC-SA)

Læringsressursar

Pasta

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar