Vi har ei lang kystlinje og høve til å fange mange ulike sortar skjel og krepsdyr. Det finst òg ein del oppdrett, mellom anna på blåskjel. Skjel og blautdyr blir rekna som festmat, årsaka til dette er nok mykje den høge prisen.

Hummar blir sett på som ei eksklusiv matvare, og har vore brukt i Noreg frå 1800-talet, særleg hos dei rike. Blåskjel er billeg mat, men likevel verdsett.
Inndeling av skaldyr og blautdyr
Skaldyr (krepsdyr)

- reker
- sjøkreps
- krabbe
- hummar
Blautdyr
- skjel (blåskjel, kamskjel, østers)
- sneglar
- kråkebollar
- blekksprut (akkar)
Næringsinnhald
Skaldyr og blautdyr er mager mat, det vil seie at dei inneheld lite feitt. Det finst ein del protein i skaldyr og blautdyr, i tillegg til vitamin frå B-vitamingruppa og vitamin D. Innhaldet av mineralstoff varierar veldig. Som eit døme kan vi nemne blåskjel, dei inneheld mykje jern, selen, jod og kalium.
Rettar og tillagingsmetodar
Ein kan ete skaldyr og blautdyr til forrett, middag og lunsj. Det er populært å servere desse råvarene på ein skaldyrbuffé der sitron, loff, aioli eller majones er fast tilbehøyr.
Vanlege retter og tillagingsmetodar er
- koking/damping
- suppe
- salatar
- stuingar
- gratinering
Lagring

Skjel og skaldyr er lettskjemde matvarer og ein må derfor vere svært nøye med lagringstemperaturen, og med hygienen ved behandling og oppbevaring. Lettskjemd mat kan bli helseskadeleg om du oppbevarer han feil, ettersom matvara inneheld mykje vatn og bakteriar har gode vekstforhold.
Ferske skjel og skaldyr blir ofte lagra på is og ved temperaturar ned mot 0 ˚C. Ferske heile reker blir òg distribuert i saltlake. Elles blir ein del skaldyr og blautdyr, som blåskjel og hummar, pakka i modifisert atmosfære-pakning (MAP), noko som gjer at dei toler vesentleg lenger langring.
Hugs
Skaldyr og blautdyr er lettskjemd mat og stiller strenge krav til oppbevaring og behandling
Blåskjel skal alltid kontrollerast av Mattilsynet på grunn av mogeleg oppblomstring av giftige algar. Mattilsynet testar og kontrollerer jamleg blåskjel frå faste stader i Noreg. Ved å gå inn på Mattilsynet sine sider eller laste ned blåskjel-appen frå Mattilsynet kan ein raskt finne ut om blåskjel i eit bestemt område er etande.