Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Råvarer, tillaging og produksjon

    Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

    Kjøt

    Noreg har lange tradisjonar med å slakte og tilarbeide kjøt frå råvare til produkt. Av kjøt får vi fleire viktige næringsstoff som kroppen treng.

    Kjøt som råstoff

    Sau, gris, storfe, kylling ... Alt etter kva dyr og kva stykkingsdel ein bruker, vil tillagingsteknikk og tillagingstid variere. For å velje riktig tid og teknikk må ein god fagarbeidar ha kunnskap om anatomi, knivbruk, temperatur og korleis ein handterer produktet.