Restaurant- og matfag
Servering og drikkevarer
Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.
Kommunikasjon og relasjonsbygging
Gode relasjonar både internt i bedrifta og eksternt til kundar bidreg til at dei tilsette trivst på jobb, og til at kundane får ei god oppleving av bedrifta.