Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Servering og drikkevarer

    Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.

    Alkoholfrie drikkar

    På alle plassar og arrangement der det blir selt alkohol, skal gjesten alltid ha tilbod om alkoholfrie alternativ. Det finst i dag eit breidt utval av alkoholfrie drikkar på marknaden. Mange småskalaprodusentar i Noreg sel gode produkt som er laga på lokale råvarer.