Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Servering og drikkevarer

    Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.

    Alkoholhaldige drikkar

    Vin, øl og brennevin er det vi omtaler som alkoholhaldige drikkar. Desse drikkane blir laga ved gjæring av sukker frå ei karbohydratrik kjelde, til dømes druer, eple, bygg, kveite eller poteter. Under gjæringa blir sukkeret gjort om til alkohol og karbondioksid.