Hopp til innhald

Fagstoff

Sigrid Undset

Som nyrealistisk forfattar var Sigrid Undset (1882-1949) oppteken av etiske problemstillingar som enkeltindivid blir stilt overfor. Ho var kritisk til normoppløysinga i samtida, og fann ein kontrast til dette i den katolske mellomalderen.

Nobelprisvinnaren Sigrid Undset

Sigrid Undset var fødd i Danmark av dansk mor og norsk far, men ho voks opp i Kristiania. Det nære forholdet til Danmark heldt ho likevel oppe gjennom heile livet. I 1907 debuterte Undset med samtidsromanen Fru Martha Oulie. To år seinare fekk ho eit forfattarstipend og kunne reise til Italia. Undsets gjennombrot som forfattar kom i 1911, med kunstnarromanen Jenny.

Sigrid Undset mottok nobelprisen i litteratur i 1928 for trilogien om Kristin Lavransdatter og for dei to bøkene om Olav Audunssøn. Ho var også ein aktiv samfunnsdebattant med sterke synspunkt i religiøse, politiske og etiske spørsmål. Mellom anna tok ho klart avstand frå nazismen og frå dei nazistiske raseteoriane.

Nyrealismen og den historiske romanen

Nyrealismen og den historisk orienterte romanen utgjorde eit tidsskifte i norsk litteratur i 1920-åra. Det var fleire hendingar i første del av hundreåret som la til rette for eit skifte:

  • Unionsoppløysinga i 1905 var ei historisk hending som frigjorde krefter og inspirasjon til å sjå nærare på norsk mellomalderhistorie.
  • Revolusjonen i Russland i 1917 motiverte ein ny forfattargenerasjon til å sjå på framtida med ein annan innfallsvinkel enn den nyromantikarane hadde lagt til grunn.
  • Den første verdskrigen var over, og det medverka til ny optimisme. Krigen skapte også eit behov for å sjå på moralske spørsmål og for å drøfte kva slags verdiar og retningslinjer ein skulle leve livet sitt etter.

Ei realistisk skildring av livet i mellomalderen

For dei nyrealistiske forfattarane var det eit krav at røyndommen skulle skildrast så nøyaktig som råd. Dei historiske detaljane skulle vere sanne og pålitelege. Samstundes skulle personane framstillast truverdig, noko som kravde psykologisk innsikt.

Sigrid Undset var ikkje historikar av fag, men ho hadde lese mykje og hadde evna til å leve seg inn i menneske som få andre. Ho fekk mange lovord for kunnskapen om norsk mellomalder. Framstillingane hennar er fulle av små detaljar som vitnar om grundig kjennskap til klede, reiskapar, skikkar, bygningar og daglegliv i mellomalderen.

Eit verdikonservativt grunnsyn

Undset var kritisk til normoppløysinga i samtida. Individualismen og kapitalismen var øydeleggjande og nedbrytande prosessar, hevda ho. Ho meinte dei førte til framandgjering. Som ein kontrast til denne utviklinga såg ho den katolske mellomalderen, der det ikkje fanst nokon sjølvhevdande individualisme.

Det verdikonservative menneskesynet kjem til uttrykk i storparten av det ho skreiv. Etter at ho hadde konvertert til katolisismen, vart ho òg ein viktig debattant for den katolske kyrkja i trusspørsmål og i polemikk med lutherske prestar og biskopar.

Trilogien Kristin Lavransdatter

Handlinga er lagt til første halvdel av 1300-talet, og vi følgjer Kristin gjennom dei tre bøkene

  • Kransen (1920)
  • Husfrue (1921)
  • Korset (1922)

I Kransen møter vi Kristin som ung jente når ho veks opp på garden Jørundgård i Sel i Gudbrandsdalen. Foreldra, Lavrans og Ragnfrid, er gudfryktige menneske, og trua er ein viktig del av oppveksten.

Femten år gammal blir Kristin forlova med Simon Darre, slik fedrane har avgjort. Skikken den gongen var at ei ungjente frå ein velsituert familie skulle gå eit år i kloster, og Kristin blir send til Nonnesæter. Under ei utflukt ved klosteret møter ho Erlend Nikulaussøn. Han er tolv år eldre enn Kristin og har ei tvilsam fortid, men er rik slik det høver seg, og står fram som ein storsjarmør. Kristin forelskar seg hovudstups.

Ho bryt med Simon Darre etter dramatiske hendingar og kjem i ein sår konflikt med sin eigen far. Vegen er lang, men etter mange og vanskelege intrigar får Kristin og Erlend kvarandre. Lavrans held bryllaupsfest på Jørundgård.

I den neste boka, Husfrue, møter vi Kristin som ektefelle og mor. Ho strevar i eit vanskeleg ekteskap med ein upåliteleg mann, og ho utviklar eit stadig sterkare gudsliv. Ho dreg på pilegrimsferd til Nidaros for å be Heilag-Olav om å tale saka hennar for Gud.

I den siste boka i trilogien, Korset, har ekteskapet mellom Kristin og Erlend havarert, men dei greier å kome til ei slags forsoning. Kristin ofrar seg for dei sjuke under svartedauden i 1349 og døyr sjølv av pesten.

Eigenvilje og gudsvilje

Eit hovudemne i bøkene er konflikten mellom eigenviljen og gudsviljen. Skal Kristin følgje sitt eige hjarte, eller skal ho følgje Gud? Det får konsekvensar både for henne sjølv og for andre når ho bryt normene som fellesskapen byggjer på.

Er det ei motsetning mellom det å følgje sitt eige hjarte og det å følgje Gud? For å forstå kva som ligg i denne problematikken, eigenviljen mot gudsviljen, er det nødvendig å setje seg inn i korleis mellomaldermennesket levde og tenkte, og sjå på kva rolle kyrkja spela.

I mellomalderen var kyrkja langt meir integrert i kvardagen til folk, og det var derfor naturleg å leve livet som ein god kristen. Mennesket skulle vere ein tenar for Gud og kyrkja, og for Kristin var det utenkjeleg med eit liv utan denne forankringa.

Å skrive om menneska som levde i mellomalderen, var for Sigrid Undset ein måte å orientere seg på i samtida. Somme sider ved menneskelivet ligg fast, jamvel om tidene endrar seg, meinte ho. Det er berre dei ytre vilkåra, vanane og miljøet som endrar seg, ikkje kjenslene og draumane, ikkje kjærleiken og håpet, plikta og ansvaret. Sjølv uttrykte ho det slik:

Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945