Hopp til innhald
Oppgåve

Retorisk situasjon i endring

I denne oppgåva skal du undersøkje to samansette tekstar. Begge er frå oljeselskapet BP, men dei er gitt ut med ni års mellomrom. Korleis viser utforminga av tekstane at den retoriske situasjonen har endra seg?

Del 1: Kva assosierer de med "olje"?

  1. Ta ei idémyldring i klassen: Kva assosierer de med ordet "olje"?

  2. Ordet "eventyr" blir ofte brukt om norsk oljehistorie. Kvifor det?

  3. Er de einige i at norsk oljeutvinning er "eit eventyr"? Grunngi svaret.

  4. Sjå filmen "Olja, et eventyr" om den norske oljehistoria (under). Diskuter deretter positive og negative sider olja har for Noreg (og verda).

Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Del 2: "Det norske oljeeventyret"

Sjå filmen "Det norske oljeeventyret" frå Norsk olje og gass på Vimeo.

  1. Filmen blei publisert i 2013. Meiner de at denne filmen kunne vore utforma på same måten i dag? Grunngi svaret.

  2. I reklamefilmen blir det til norske folkeeventyr. Kva funksjon har dette?

  3. Vurder korleis den retoriske situasjonen og kairos har endra seg frå 2013 til i dag.

Relatert innhald

Fagstoff
Den retoriske situasjonen

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?


Del 3: "Den tøffaste jobben i verda" – førsteinntrykk

Aker BP leitar etter og produserer olje på norsk sokkel. Korleis omtaler eit norsk oljeselskap jobben dei gjer i dag?

Jobb åleine

Les artikkelen "Verdens tøffeste jobb" på nettsidene til Aker BP.

Skriv ned førsteinntrykket du får av Akers omtale av seg sjølv. Legg vekt på dette:

  • Kva er formålet med denne teksten? (Kva vil Aker overtyde mottakarane om?)

  • Korleis prøver Aker å nå fram til det retoriske publikummet?

Jobb i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar.

  2. Kva vil de seie er den viktigaste forskjellen på filmen "Det norske oljeeventyret" frå Norsk olje og gass (2013) og "Verdens tøffeste jobb" (2022)?

Del 4: I djupna på retorikken til Aker BP

Førebels har vi sett overfladisk på teksten "Verdens tøffeste jobb". Men for verkeleg å forstå kva avsendaren av teksten ønskjer å oppnå, må vi nærlese han. Då kan vi "avsløre" avsendar og fatte kva verkemiddel som blir brukte for å nå fram med bodskapen.

Sit i par, diskuter og skriv ned svar på desse oppgåvene:

A. Kva vil dei eigentleg seie oss?

Det andre avsnittet på sida lyder slik:

Energi er uløselig knyttet til livene som mennesker over hele verden lever. Derfor påvirker en global omveltning i energikjeden oss alle. Disse endringene krever massiv finansiering. Det samme gjør nye næringer og arbeidsplasser. Samtidig vil vi sikre velferdssamfunnet. Dette er en enorm utfordring.

  1. Forstår de kva Aker prøver å seie dykk her? Gi att med eigne ord.

  2. Korleis har Aker forma ut avsnittet for å peike på olja som både problem og løysing?

B. Positivt verdiladde ord

Aker-selskapene er i full gang med å bidra til å kutte utslipp, produsere fornybar energi og skape nye arbeidsplasser. Vi løser store utfordringer ved å kombinere investeringsvilje og ny digital teknologi med kompetansen til kreative problemløsere.

  1. Eit viktig verkemiddel i dette utdraget er positivt verdiladde ord. Finn dei og skriv dei ned.

  2. Kva funksjon har dei positivt verdiladde orda i avsnittet?

C. Ein dynamisk tekst

Skroll ned til underoverskrifta "Vi er en del av løsningen" kjem opp. Les dei to avsnitta som høyrer til denne og legg merke til bakgrunnen.

  1. Korleis vil du seie at Aker prøver å overtyde deg om saka si her?

  2. Bak avsnitta er det ein dynamisk tekst med ei oljeplattform og ein film av Chuck Norris. Kvifor trur de nettopp desse to modalitetane er sette saman?

D. Logos og etos

Les dei tre avsnitta under. Vurder korleis Aker bruker logos og etos for å overtyde mottakaren om at olje og gass er løysinga i framtida, og at dei er rett selskap for å gjere jobben med å vinne ut olja.

Så samtidig som mer og mer av energien vi bruker vil bli fornybar, vil det være behov for olje og gass i lang tid fremover. Dette er olje og gass som ikke bare brukes til energi, men også som råstoff til produkter vi omgir oss med i våre daglige liv.

Vi mener at de som produserer olje og gass med lavest utslipp og lavest kostnader blir morgendagens vinnere. Det er hva vi sikter mot, og vi starter med å redusere våre egne utslipp.

Men Aker BP stopper ikke der. Å forvalte en felles naturressurs betyr at vi også forvalter tilliten som er vist oss. Vi er det ansvaret bevisst. Derfor må hele olje- og gassnæringen forstå alvoret i dagens situasjon. Fellesskapets verdier må forvaltes på en måte som gir mer tilbake til samfunnet.

E. Samanfatt og vurder

Les resten av verbalteksten. Legg merke til dei dynamiske tekstane i bakgrunnen. Diskuter deretter:

  • Kva meiner de Aker prøver å oppnå med denne teksten?

  • Kva verkemiddel bruker dei for å oppnå dette?

  • Meiner de at dei lykkast? Grunngi svaret.

Del 5: Den retoriske situasjonen

Når vi skal overtyde, er både innhaldet, forma og mottakinga av teksten avhengig av den retoriske situasjonen. Det vil seie at de må sjå på kva slags problem avsendaren prøver å løyse med teksten, kven dei prøver å nå fram til med den retoriske teksten, og kva omsyn dei har teke til omstenda når dei har forma ut teksten.

Diskuter desse spørsmåla. Bruk gjerne hjelpespørsmåla i kollapsboksen under når de diskuterer:

  • Kva er det påtrengjande problemet?

  • Kven er det retoriske publikummet?

  • Kva er dei tvingande omstenda?

Litt hjelp på vegen?

Det påtrengjande problemet:

  • Når de skal diskutere kva slags problem avsendaren, altså Aker, prøver å løyse, må de kople det saman med det de meiner er målet med teksten.

  • Dette er ikkje ein reklame som prøver å selje eit produkt til ein mottakar. Kva er bodskapen dei ønskjer å nå fram med?

Det retoriske publikummet

  • Kven prøver Aker å påverke med bodskapen sin?

  • Korleis viser teksten at Aker tek omsyn til at det retoriske publikummet kan vere skeptisk til oljeutvinning?

  • Kva argument bruker dei for å overtyde eit skeptisk retorisk publikum om at oljeutvinning er heilt greitt?

Dei tvingande omstenda

  • Klimakrisa er eit tvingande omstende Aker må ta omsyn til. Kvifor det? Og korleis gjer dei det?

  • Korleis avgrensar klimakrisa kva Aker kan seie?

  • Aker har også nokre fordelar når dei skal selje bodskapen sin. Stikkord er arbeidsplassar, velferdsstat og oljefondet. Vurder olja si betydning for Noreg, og korleis Aker bruker desse fordelane for å nå fram med teksten sin.

Del 6: Skriv eit avsnitt om den retoriske situasjonen

Skriv eit avsnitt der du samanliknar den retoriske situasjonen til dei to tekstane. I avsnittet skal du skrive om dette:

  • Det påtrengjande problemet dei to tekstane prøver å løyse er ulikt. Beskriv dette.

  • Korleis viser tekstane at tankesettet til det retoriske publikummet anno 2013 og i dag kan ha forandra seg?

  • Ordval og bruk av verkemiddel er ulike i tekstane. Årsaka er at dei tvingande omstenda har endra seg frå 2013 til i dag. Korleis då?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Northug, Johaug og den retoriske situasjonen

Både Petter Northug og Therese Johaug blei tvinga til å kome med ei forklaring etter fadesar. Her skal du vurdere den retoriske situasjonen til utsegnene.

Oppgåver og aktivitetar
Å tolke retoriske tekstar

Korleis gå fram for å tolke sakprosa? Her finn du oppgåver og ein modelltekst om retorisk situasjon og etos.