Lyrikkanalyse: tekstbinding
Under ser du tre avsnitt frå ein diktanalyse. Det er tre avsnitt med gode observasjonar og refleksjonar om besjelingar og kontrastar i diktet «Mareritt i eventyrskogen”. Men eleven som har skrive avsnitta, har ikkje klart å binde saman setningane på ein logisk måte.
Kan du
- binde setningane godt saman?
- skape samanheng mellom avsnitta?
Elevtekst
Eit sentralt verkemiddel i diktet er besjelingar. I det første avsnittet finn vi ei heil rekkje besjelingar. Dei er brukte til å skape ei dyster og skummel stemning. Det står at "høstløv skriker", at "røtter famler" og at "blødende klippevegger løper langs en eng som sover / og kaster stein på lille Rødhette”. Naturen har fått liv og verkar framand og trugande, nesten som i ein skrekkfilm eller ein vond draum. Stemninga vert sett med ein gong vi begynner å lese. Vi vert førte inn i ei uhyggjeleg verd. Vi skjønner at stemma i diktet er plaga av noko vondt.
Diktet er bygd opp rundt kontrastar. Det finst ei rekkje ord i diktet som er knytte til barndommen. Dei er alle positivt ladde. Dei fortel om ei trygg verd der alt endar godt. Positivt ladde ord i diktet er “eventyrskogen”, “den gode slutten”, “drømmene” og “bestemor”. Vesle Raudhette og nissen er to fantasifigurar som små barn oppfattar som verkelege. Dei får barna til å tenkje på hyggjelege opplevingar og “den gode slutten”.
Dei positivt ladde orda om barndommen står saman med negativt ladde kontrastord: I eventyrskogen ventar “mareritt”, nissen er “avslørt”, den gode slutten er “fordekt av urokkelig sannhet” og bestemor har “råtnet”. Barndomsverda har rakna. Tryggleiken er borte. Stemma i diktet er lei seg og resignert: “Barnehender søker / over kistelokket / Husker en siste gang / før fornuften glemmer.”