Slik kan du skrive ein lyrikkanalyse - Skriv ei avslutning - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Slik kan du skrive ein lyrikkanalyse

Oppgåve

Lyrikkanalyse: avslutning

Når fire-fem avsnitt om viktige verkemiddel i diktet er klare, er det på tide å lage ei avslutning. Og her står du ganske fritt.

Kanskje du kan samanfatte observasjonane dine og komme med ein slags konklusjon om korleis tema og verkemiddelbruk heng saman? Du kan også reflektere ope rundt temaet i diktet: Er det ein allmenngyldig tematikk menneske vil kjenne seg igjen i til alle tider?

Oppgåve

Sit i treargrupper. No skal de rett og slett konkurrere i klassen om kven som skriv den beste slutten, med medelevane i klassen som dommarar! Konkurransen går føre seg på denne måten:

  • Den på gruppa som synest at han eller ho har ein god idé og som er den ivrigaste, skriv den første setninga i sluttavsnittet på eit ark.
  • De andre får ikke sjå på!
  • Deretter går lappen vidare til nestemann, som også skriv ei setning, igjen utan at de andre ser på.
  • Hald fram på same måten og ta to rundar med skriving, slik at avsnittet blir på seks setningar til saman. Kvar person på gruppa skal altså skrive to setningar.
  • Til slutt leverer de avslutninga til læraren, som les opp alle saman.
  • Klassen stemmer over kva for ei avslutning som er best!
Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Slik kan du skrive ein lyrikkanalyse

Gå til faget: Norsk (SF vg3)

Gå til emne: Å skrive lyrikkanalyse