Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Lyrikkanalyse: form

Nokre gonger er det lett å oppdage ein klar samanheng mellom form og innhald i eit dikt. Andre gonger må vi undersøkje diktet nøye før vi ser korleis oppbygnad og musikalske verkemiddel er med på å forsterke det som blir sagt med ord.

Oppgåve

Sit i grupper på tre, diskutér diktet «Mareritt i eventyrskogen» og notér. Bruk hjelpespørsmåla under!

  1. Beskriv forma på diktet.

  2. Kan de setje ord på skilnaden(e) mellom dei to avsnitta i diktet?

  3. Skriv eit forslag til avsnitt om forma i dette diktet.

  4. Sjå på eit forslag til tekstavsnitt om form og samanlikn med dykkar eigne notat.

    • Har de komme fram til dei same trekka ved forma?

    • Kva for skilnad(er) mellom avsnitt 1 og avsnitt 2 har de peikt på? (Her finst det i grunnen ingen fasit, men godt eller mindre godt grunngitte svar.)

Hjelpespørsmål

Det er langt frå alle dikt som har rim og fast rytme, men det finst andre ytre trekk ved eit dikt som det kan vere viktig å sjå etter og som du bør skrive om i analysen. Spørsmåla nedanfor kan hjelpe deg å undersøkje diktet systematisk. Vel ut dei spørsmåla som er relevante for akkurat ditt dikt.

  • Kor mange avsnitt består diktet av?
  • Er avsnitta like lange, eller har dei ulik lengd?
  • Er det noka form for rim i diktet?
  • Er rytmen fast, eller varierer han? Eller er han heilt fri, som i ein prosatekst?
  • Har diktet strofeform? (Med strofeform meiner vi at alle avsnitta i diktet er bygde opp likt, med like mange linjer og fast rim- og rytmemønster.)
  • Bruker diktaren ei kjend tradisjonell strofeform?
  • Kvifor er diktet delt opp slik det er? Kva er nytt og annleis frå eitt avsnitt til neste?
  • Finst det "brott" i teksten? Til dømes slik at stemninga endrar seg, eller ei overraskande vending inntrer?
  • Skaper diktaren struktur i teksten også på andre måtar enn gjennom avsnitt, rim og rytme?

Eksempel: avsnitt om diktet "Aust-Vågøy" av Inger Hagerup

Oppbygnad, rim og rytme

De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.

I denne strofa frå diktet "Aust-Vågøy" av Inger Hagerup legg vi med ein gong merke til den tydelege, faste rytmen. Orda i diktet er korte, og i dei to linjene som har enderim, endar begge rimorda på ei trykksterk staving: menn, igjen. Saman forsterkar rytmen, rimorda og den knappe tonen bodskapen i diktet og understrekar at "vi" meiner alvor: Ingen kjem til å gløyme det som har hendt!

Kjelde: Hagerup, Inger. (1946). Videre. Oslo: H. Aschehoug & Co

Forslag til tekstavsnitt

"Mareritt i eventyrskogen" er eit moderne dikt som består av to avsnitt av ulik lengd. Det første avsnittet er prega av språklege bilete som skaper ei uhyggjeleg og nedtrykt stemning og ei kjensle av at noko er tapt, men det er uklart kvifor stemma i diktet kjenner seg slik.

I det andre avsnittet finn vi eit mogleg svar: Linjene "Bestemor har råtnet" og "barnehender søker over kistelokket" antydar tapet av eit kjært menneske. Medan det første avsnittet først og fremst byggjer opp ei stemning, peiker det siste avsnittet mot ei konkret hending som er årsaka til denne stemninga. Men begge avsnitta formidlar ei kjensle av tap.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2018